– Det var litt vanskeleg å få fyr på grunn av vinden, men det gjekk til slutt.

Jorun Helsem i Huldal barnehage står bøygd over grillen i gapahuken, iført kjeledress og polvottar. Minusgradene er definitivt komne til Herøy, men det ser ikkje ut til å plage verken henne eller dei seks gutane som boltrar seg på eit leikeapparat like bortanfor. Apparatet har både fiskegarn og heisekran, nesten som på ein ordentleg båt.

– Det er første gong vi er her etter at gapahuken vart ferdig. Det er så kjekt, for no kan vi vere her når det regnar også, seier Jorun.

Medan vi står og pratar, kjem kollegaen hennar, Stine Kvalsund, og tre småjenter inn under taket. Dei har vore på Meny og kjøpt aluminiumsfolie til å leggje mellom rista og pølsene. Kol har dei tilsette tatt med seg frå barnehagen, saman med pølser, brød og vatn.

Svolt­ne: Malin (4) og Maria (4) ven­tar tol­mo­dig på mat.

Til topps

– Det mest morosame er å klatre i det tårnet ...

William Aleksander Kvalsund Furø (5) peikar på det høgste tårnet i klatrejungelen.

– ... Men då må det vere litt varmare.

– Han Emil klatrar likevel, utbryt ein annan.

Og han har heilt rett. Emil Kopperstad (5) er på full fart mot dei fargerike taua, og vipps, så står han øvst i det høgste tårnet. Stine står like i nærleiken, med eit årvake blikk på guten. Men ho er ikkje spesielt uroleg for Emil sine klatreferdigheiter. Dette har han gjort før.

Til topps: Mi­nus­gra­der til trass, Emil Kop­per­stad klat­ra heilt til topps i klat­re­jun­ge­len.

Pølse med melis?

Omsider er pølsene klare og barna får beskjed om å setje seg.

– Kven vil ha ketchup på, spør Stine.

Det kunne ho elles ha spart seg, for det viser seg raskt at det ikkje er ketchup i den raude flaska, men melis. Heldigvis er dei fleste nøgde med pølse utan stæsj. Dessutan er der både sennep og steikt lauk til dei som vil ha.

Nikolai Muren Nilsen (5). Foto: Josefine Spiro

Gjort på dugnad

Det er Fosnavågaren Velforening som har stått for prosjekteringa av den flotte gapahuken.

– Det har gått med om lag 300 dugnadstimar og 550.000 kroner, seier leiar Robert Kvalsvik i velforeininga.

Pengane har dei fått gjennom materialsponsing og økonomiske bidrag frå Gjensidigestiftelsen, Marine Harvest, Sparebanken Møre, Håvard Arhaug, Aurvoll & Furesund og Herøy kommune. Sistnemnde er også samarbeidspartnar, då gapahuken (og resten av klatreparken) er ein del av byutviklingsprosjektet til kommunen.

Dug­nad: Fosnavågaren Velforening har lagt ned over 500 dug­nads­ti­mar i ar­bei­det med ga­pa­hu­ken ved klat­re­par­ken i Fos­na­våg.

– 10 barneselskap

Etter at grillen kom på plass like før jul, er gapahuken blitt flittig brukt, spesielt i helgene.

– Der har vore tett opp mot ti barneselskap. Gnist barnehage var der også ein tur før jul, med russane sine. Dei var der heile dagen, seier Kvalsvik.

Alle kan bruke gapahuken, det er berre å møte opp.

Bar­ne­sel­skap: Man­ge har nyt­ta ga­pa­hu­ken som «lo­ka­le» for burs­dags­fest.

Familieplass

No då snøen har kome, er der ikkje berre klatrejungel, leikeapparat og gapahuk i parken, men også ein lang akebakke. Då kan ein fort bruke mange timar i parken – og ein gapahuk med lys og grill kjem garantert godt med.