Kva er no det for noko, spør du. I følgje fylkeskommunen er dette ein arena av, med og for aktørar som tilbyr ei eller anna form for oppleving, enten innafor kultur, reiseliv eller lokalmat. Her er poenget at aktørane sjølve skal møtast og danne nettverk for å utvikle nye opplevingsprodukt eller opplevingspakkar som vi kan tilby turistar.

- Vi ønskjer å få til noko nytt ved at vi tonar ned tradisjonelle foredrag og rettar søkelyset mot deltakarane. Blant dei som har meldt seg på finn vi folk som har jobba på Michelin-restaurantar, nokon har designa smykke for Michelle Obama, vi finn ein verdsmeister i mat, ein polfarar og ein gründer som har bygd opp ein multimillion festivalindustri. Kva skjer når desse begynner å prate saman?

Det seier Jan Sverre Sivertsen i ei pressemelding frå fylkeskommunen. Han er prosjektleiar for satsinga Reiseliv mat og kultur i Møre og Romsdal, som fylkeskommunen driv i lag med Innovasjon Noreg og Fylkesmannen.

Luftig happening

Til Vestlandsnytt forklarer Sivertsen at det blir ei «luftig happening» der hovudfokuset er å få nok tid til nettverksbygging. Sivertsen har sjølv vore på fleire reiselivskonferansar, der han har sakna at det blir sett av meir tid til akkurat dette. Dei har valt å bruke festivalterminologien av same grunn.

- Vi vil at det skal vere ei litt meir avslappa stemning og sosialt, forklarar Sivertsen.

Han antydar også at det blir kulturelle innslag på arrangementet, men det er han ikkje klar for å avsløre endå.

- Pål K. Medhus, ein pioner innan opplevingsutvikling i Noreg, skal guide oss gjennom dei to dagane, og sørge for at koplingar oppstår mellom aktørane. Enten du kjem er reiselivsaktør, kulturaktør eller er produsent av lokal mat og drikke – her er alle like viktige uansett storleik og namn, forklarar han.

Fyrst og fremst for bransjen

Arrangementet er, som de sikkert har forstått, fyrst og fremst for næringslivet og folk som driv innanfor reiseliv, kultur og opplevingsbransjen.

- Velkommen til reiselivsaktørar, kulturaktørar og produsentar av lokalmat og drikke. Velkommen til hotell- og restaurantfolk, til historieforteljarar og guidar. Velkommen til deg som tilbyr halsbrekkande action og til deg som tilbyr hagevandring. Velkommen til deg som har eit stort nettverk og til deg som ikkje har eit nettverk. Velkommen til deg som lagar ost eller brenn kaffi, velkommen enten du er versmeister eller amatør, materialist eller idealist.

Allereie før arrangementet vart annonsert, var det 30 påmelde aktørar.