Nokre båteigarar, og dermed forsikringsselskapa, har fått merke dei sterke vindkasta og det stygge vêret den siste månaden.

- Sjølv om det er vinter, ligger mange båtar framleis ute. På berre to veker inn i det nye året, har Gjensidige fått meldt skader på 60 båtar, 15 av dei i Møre og Romsdal, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige i ei pressemelding.

For forsikringsbransjen totalt kan det vere snakk om skader på nærare 200 båtar.

I fleire av tilfella har fortøyinga slitt seg slik at båtar har fått slagskade. Nokre båtar har også søkke ved kai som følgje av store skader. Voll fortel også at fleire båtar har fått sjølvlensinga tetta av blad, skit eller av skjell. Det er også båtar lagra på land som har velta i den sterke vinden, både i båtforeiningar og heime i hagane til privatpersonar.

Til slutt kjem Voll med ei klar melding:

- Få båten på land. Det er ofte den beste medisinen for eit godt båthald. Ligg båten ute gjennom heile vinteren er det viktig å sjå til båten ofte og sjekke fortøyingane. Be gjerne andre om hjelp om ein ikkje sjølv har høve, avsluttar Voll.