Dette opplyser kongsberggruppen på sine heimesider. Oppkjøpet kjem som eit krav stilt frå myndigheitene kring Kongsberg Gruppen sitt kjøp av Rolls-Royce Commercial Marine. Det skal mellom anna sikre konkurransen i marknaden for dekkutstyr til seismikkfartøy.

- Veldig artig at vi fekk til dette, seier Jogeir Romestrand i Rome AS til Vikebladet Vestposten.

Noko pris på overtakinga er ikkje offentleg, men overdraginga vil skje 21. januar.