Gurskingen Preben Sætre kom til Hødd før 2017-sesongen frå Herd, og har vore ein bidragsytar for Hødd dei siste to åra. I dag signerte han ein ny 1-års avtale med klubben.

- Eg gler meg utruleg mykje til å ta fatt på nok eit nytt Hødd-år og ser fram til å bli med på klubbens 100-års feiring, seier Preben Sætre på Hødd si heimeside.

Håkon Brautaset har gått gradene i Hødd-systemet og hadde ein fin haust i 2018 etter ei skadeperiode i fjor vår.