Har nettopp høyrt på nyheitene, der NRK igjen har gitt Holten i Norges Miljøvernforbund merksemd for sin motstand mot Stad skipstunnel. I dag rapporterer dei at det vil vere høgare brannfare i eit hybridskip, og at dette talar mot bygging av tunnelen.

Mitt første spørsmål då er: Kvifor er ikkje dette tema når det gjeld hybridbil i vegtunnel? I alle dagar! Er det slik at det skal leitast med lys og lykter på alle områder for å finne argument mot å bygge ein livsnødvendig tunnel for sjøfararar? Kvifor i alle dagar har ikkje Sjøfartsdirektoratet gått ut mot bygging av hybridskip, om det er slik at dei har større brannfare enn andre skip? Øystein Haaland Milje og Øyvind Skog i Sjøfartsdirektoratet seier at i regelverket for hybride fartøy står det at brann-sikkerheten for hybride fartøy skal vere like god som for moderne dieseldrivne fartøy.

Det Norske Veritas har vurdert sjansen for brann og motorstans samtidig i ein skips-

tunnel som realistisk ein gong pr. 840 000 år. Er denne risikoen for stor til at vi ikkje skal bygge ein skipstunnel, som den første i verda, med fokus på trygg ferdsel til havs? Er ikkje risikoen for oppleve ekstreme vêrforhold og fare for havari ved Stad litt høgre?

No ber eg styresmaktene om å halde fokus på kva som er viktig. Vi treng tryggare ferdsel rundt Stad. Vi ynskjer oss meir gods frå veg til sjø. Vi ynskjer oss ein spektakulær reisedestinasjon i konkurranse med verdas sju underverk, og vi ynskjer at det skal bli mogleg å reise med hurtigbåt frå Bergen til Ålesund. Om miljøforbundet var opptekne av miljøet, så skulle eg ynskje dei heller fokuserte på kva vi sparer miljøet for ved til dømes å flytte hundre trailerlass pr. dag frå Gudbrandsdalen til sjøvegen. Kor mykje tryggare er det ikkje for andre å ferdast langs veg, om vi fekk vekk nokre av dei store bilane, og heller frakta konteinarar i skip langs kysten? Kanskje kan dei også snakke litt høgt om rapporten som Rolls Royce leverte i november i fjor, der dei dokumenterer korleis forbruk av drivstoff, fart og passeringstid blir med tunnel kontra utan? Litt interessant er det, synest eg, at ein skipstunnel i høve denne rapporten kan redusere utsleppa med opp mot 60%. Noko å snakke om?

Kva som er dei vikarierande motiva for stadig å snakke ned satsinga på skipstunnelen, veit eg ikkje, men no vonar eg det snart blir fokusert på verdiskapinga som skjer langs kysten i vårt område. I følgje SSB-tal for 2017 står Møre og Romsdal for 9,6% av fastlandseksporten i Noreg. Målt etter innbyggartal eksporterer vi altså frå Møre og Romsdal for 150.440 kr pr. pers. I Sogn og Fjordane er dei hakk i hæl med 129.538 pr. innbyggar. Samanliknar vi med eksport pr. innbyggar i Norge, er talet 79.035,- og i Oslo leverer kvar innbyggar for gjennomsnittleg 10.233,-. No er dei rett nok gode på børs, finans og forsikring i Oslo, men snakkar vi om levert arbeidskapital, så er det her på Vestlandet verdiar blir skapt. Ser vi på tala for fisk åleine, så står Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane for 26,7% av fastlandseksporten. Altså 24.7 av 92,2 mrd kjem frå fylka nærast Stad.

Då er det på høg tid at det også blir prioritert å bygge ein sikrare og meir føreseieleg arbeidskvardag for dei mange som lever av sjømat og næringar tilknytt eit livskraftig og uroleg hav.

Stad Skipstunnel har hatt 20 utgreiingar. Det held no. No er det tid for handling.