Ekspressbussen til Ulsteinvik velta i Skjåk- herøyværing i ulykka

Sunnmøringar var om bord i ekspressbussen på veg til Ulsteinvik då den i natt bles av riksveg 15 i Skjåk i Oppland natt til tysdag. Tre er skada.
New Articles

To av dei er lettere skada. Den eine er ein mann fra Volda, den andre ei kvinne frå Moltustranda. Den tredje, ei kvinne som var hardast skada, hadde smerter i bryst og nakke. Ho vart frakta med ambulanse til traumemottaket. Dama er ikke identifisert enno, seier operasjonsleiar Kjartan Waage til Sunnmørsposten.

Det var i alt 27 personar om bord i bussen då han hamna utfor vegen like ved Skjåk kyrkje. Klokka var då 04:18. Bussen var på veg fra Oslo til Ulsteinvik.

Har du informasjon eller bilete frå ulykka? Ta kontakt med Vestlandsnytt på mail, redaksjon@vestlandsnytt.no, eller ring oss på 700 84 400.