Fritt ord:

Må sjekke postlista?

Innlegg av Bjarne Kvalsvik, gruppeleiar for Folkelista.

BJARNE KVALSVIK:   Foto: Stian Langlo Driveklepp

New Articles

Saka handlar om at Kommunestyret i budsjett avsette 21 millionar kroner til kaier på Mjølstadneset. Kommunestyret får ikkje vite at rådmann og ordførar, ei veke før behandlinga i kommunestyret, er kjende med at prosjektet er skrinlagt.

Det er ganske spesielt at ein må sjekke postlista til Herøy kommune om ein skal ha naudsynt informasjon for å fatte rette vedtak i  kommunestyret. I følgje  Vestlandsnytt meiner altså rådmannen i Herøy at vi som driv politikk må sjekke postlistene.

Det er heilt utruleg og meiningslaust om han verkelig meiner dette? Her spring han frå ansvaret sitt som rådmann, og legg ansvaret over på politikarane. I §1 i Kommunestyret sitt reglement står det slik.

«Rådmannen skal syte for at dei saker som skal opp i kommunestyret er forsvarleg førebudde». Dette er òg nedfelt i kommunelova §23.2.

Så opplever vi altså dette, at viktig informasjon bevisst ikkje vert lagd fram. Saka er såleis ikkje forsvarleg førebudd. Vi løyver altså 21 millionar kroner til eit prosjekt som er lagt bort.

Kan for ordens skuld opplyse om at brevet frå Sigurd Teige, dagsett 29. november, vart lagt på postlista den 20. desember då eg personlig var på rådhuset og etterspurte det. Så vert det spekulasjonar om det er bevisst halde tilbake, eller om det dreiar seg om ein rutinesvikt. Vårt møte i kommunestyret var altså 6. desember. Det gjekk såleis nesten ein månad før opplysningane var tilgjengelege på postlistene.

Heilt utrulig!

I Vestlandsnytt fortel rådmannen vidare «– Dessutan oppfatta eg det slik på ordføraren at vi ikkje skulle diskutere kaiene på dette møtet.»

– Ordføraren stadfestar rådmannen si utsegn.

Rådmannen skal setje lojalitet til arbeidsgjevar (altså kommunestyret) framfor lojalitet overfor einskildpersonar, parti, organisasjonar eller andre interesser.

Dette og mykje meir finn ein i dei etiske prinsippa som er vedtekne for Herøy kommunestyre.

Her set vi av 21 millionar til kaier i budsjettet, og då er det opp til dei 33 i kommunestyret å avgjere kor mykje dei vil snakke om dette.

Ja, det er ganske oppsiktsvekkande at politisk- og administrativ leiing bevisst unnadreg viktig informasjon frå kommunestyret. Slik kan vi ikkje ha det i Herøy. Dette kan neppe kallast ei båtlengd føre. Dette er slik dei har det i land som er båtlengder bak oss. Slike bevisste handlingar bryt totalt med dei etiske prinsippa som er vedtekne i Herøy kommune. Det bryt ikkje berre med etiske retningslinjer, men òg med delegerte fullmakter.  Nei, rådmann, lat oss vone at vi slepp å sjekke postlistene for å sikre at viktig  informasjon ikkje vert unnadrege kommunestyre.