Fritt ord:

– Ikkje Autopass på fylkesvegferjene

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP, Frank Sve, skriv i dette innlegget kvifor FrP ikkje vil innføre autopass på ferjene.

Autopass: Slike brikker blir etterkvart betalingsløysinga på alle ferjer.  Foto: Illustrasjon

New Articles

Møre og Romsdal FrP ynskjer ikkje Autopass på fylkesvegferjene.

Fylket har ansvaret for 20 av 24 ferjestrekningar her i fylket, og såleis ein svært stor del av trafikken.

Statens vegvesen innfører Autopass på riksvegferjene, medan fylka står fritt til å vere med på ordninga eller innføre sin eigen modell for dette.

Samferdselsutvalget her i fylket har fått denne saka til drøfting, og saka er no sendt ut på høyring. Dersom fylket innfører heile Autopassordninga, vert det mildt sagt dramatisk for transportnæringa, med auke i takstane på mellom 30-50 % .  Personbil vert også meir en 30% dyrare dersom ein ikkje har med passasjer.

Med andre ord vert kostnadane for ferjedrifta velta over frå person til bil og transportnæringa, noko som for oss overhodet ikkje er aktuelt. Vi trur også det raskt vil oppstå store inntektstap for ferjedrifta til fylket, som igjen kan føre til ytterlegare takstaukar.

Møre og Romsdal er landets største eksportfylke, og bedriftene her i fylket er avhengige av så gode rammevilkår som råd. Bompengesituasjonen som kan bli her i fylket i framtida er grundig synleggjort, og det er all grunn til å vere bekymra for konsekvensane av dette.

FrP er heilt samde med NLF ang. deira sterke bekymring for bompenge og kostnadsauken for denne næringa spesielt, og vil fylgje opp kampen for transportnæringa i framtida.

Fylket står heilt fritt til å innføre akkurat det vi ynskjer ang. Autopass, og er ikkje pålagt av staten å delta i Autopassregimet.

FrP ynskjer at fylket vert med på innføring av Autopassbrikke og kort, men at takstene for dette skal vere som i dagens ferjetakstsystem. Dette har vi full anledning til, og er ikkje problematisk å gjennomføre. Dette er bekrefta etter informasjonen som vi har fått i samferdselsutvalget.

Vi ynskjer fortsatt personbetaling på fylket sin ferjer, då med betalingsapp, og betalingsterminaler ombord i ferjene. Dette er på same måten som elles i landet for buss, bane og tog.

Med denne ordninga får ein same fordelane som ved Autopass, med andre ord utan fysisk billettering for bilar, og betaling ved sjølvbetjening for persontrafikken.

Med dette får ein beholde same takstgrunnlaget som i dagens ferjedrift, og same inntektsgrunnlaget for Møre og Romsdal fylkeskommune.

FrP håper dei andre partia her i fylket velger vår løysing i denne saka, og dermed ikkje innfører eit Autopassystem som verken folk flest eller næringslivet kan godta.