Vassfløde gir vanskar

Gravstaden i Gursken står delvis under vatn. Nedbørsmengdene skaper også andre vanskar.
New Articles

Fredag er det tungt regnver over heile Nordvestlandet, noko som skapar vanskar fleire stadar.

Store delar av gravplassen ved Gursken kyrkje stod fredag under vatn. Det var vatn langt opp på gravsteinane på den mest råka delen av gravplassen, kunne Vestlandsnytt fastslå då vi var innom.

- Dette er sjølvsagt trasig. Her må vi opne ei drenering når vatnet går ned, seier teknisk vakt Ronny Prozenko.

Han seier det har vore vanskar med overflatevatn på gravplassen også før, men ikkje så gale som det er fredag.

Rundt omkring på Gurskøya verka det som om det stod vatn "alle stadar". Bekkar er omgjorde til elvar, medan elvane står rekordhøge og formeleg fossar fram.

Myklebustelva dundra ut mot sjøen i Gurskevågen, under vegen ved verftet. Lokalkjende kunne fortelje at dei sjeldan eller aldri har sett elva så stor.

Vassinntrenging i bygningar

Teknisk vakt i Sande opplyser fredag at dei har fått fleire henvendingar frå private eigedomar der vatnet trugar med å trenge inn i bygningar eller gjere annan skade.

- Det har vore fleire telefonar i dag. I Haugelia, på Sætre og på Knotten har det vore situasjonar som krev tiltak. Akkurat no er vi på veg til Haugsbygda for å lense ein kjellar som er fylt med vatn, sa Prozenko då vi snakka med han fredag ettermiddag.

Han rår folk til å følgje med på situasjonen rundt eigedomane.

- Pass på at grøfter, drensrøyr og sluk held seg opne, slik at vatnet får renne unna. Det kan vere til god hjelp i denne spesielle situasjonen, la Prozenko til.

Ingen store problem i Herøy

I Herøy har det derimot ikkje vore meld om nokon store utfordringar.

- Vi har ikkje noko å rapportere om i dag. Om det har vore nokon utfordringar i Herøy som følgje av nedbøren, så må dei reknast som "fillesaker", opplyser teknisk vakt.


Har du bilde frå spesielle situasjonar nedbørsmengdene har ført til? Send gjerne inn til redaksjonen!