Ungdommane fekk seg ein vekkjar

Etter at Vestlandsnytt skreiv om ungdommane som dreiv med uvettig bruk av fyrverkeri 1. nyttårsdag, let ikkje kommentarane vente på seg.

Her tek Vestlandsnytt sin journalist ungdommane på fersk gjerning. 

New Articles

Tysdag kveld observerte Vestlandsnytt ein gjeng på om lag 12 ungdommar som tende og kasta frå seg fleire rakettar på gata.

Rakettane vart kasta medan ungdommane gjekk mellom Bergsøy skule, avd. Blåhaugen og barnehagane på Bergsøy. Nokre av rakettane fauk mot skulebygget.

Dette fekk kommentarfeltet på Facebook til å koke, og nokre skulda ungdommane for å drive med herverk. Heldigvis kom det ikkje skade på skulebygninga trass i at eit par av rakettane fòr i den retninga. Vestlandsnytt har også fått opplyst at foreldra til ungdommane har prata med dei om hendinga, og at dei har fått seg ein vekkjar på at dette ikkje var greitt. Undgommane skal elles ha forklart at dei aldri sikta  mot skulebygninga.

Etter at Vestlandsnytt skreiv om saka, kom det fleire bilar til plassen, og ungdommane rydda opp etter seg.