Det er like ved Straumsbrua ved Mikkelholmen vegen no er stengd, etter at vinden har blese ned ein stolpe.

Etter det vi kunne sjå på staden, er stolpen av heilt nede ved bakken. No heng stolpen, som har både kraft- og fiberkabel, berre etter leidningane.

På staden er det omkøyringsmoglegheiter rundt Sandsvågen.

Utfordring: Ferja ligg stille

Ei utfordring med situasjonen er at Sandsøya er meir eller mindre isolert første nyttårsdag, sidan ferja har vore vêrhindra det meste av dagen. Difor vil det truleg gå mange timar før situasjonen med kraftstolpen som heng over vegen, er avklara.

Ronny Prozenko, vakthavande ved teknisk eining i Sande kommune, seier fylgjande om situasjonen:

- Mørenett er varsla, og reiser utover når ferja går. Dei vil rette opp stolpen og sikre situasjonen mellombels, truleg saman med ein lokal entreprenør. Det er viktig at folk respekterer stenginga og ikkje passerer under denne stolpen, strekar han under.

Andre stolpar på "halv åtte"

Prozenko legg til at to kraftstolpar står på skeiva ved kommunevegen like innafor Vonheim i Haugsbygda. Altså på gamlevegen (kommunevegen). Her har ein førebels ikkje funne grunn til å stenge vegen. Også her er Mørenett varsla, og skal vere i kjømda.

- Elles har det vore nokre utfordringar i dag. Ei stor utfordring er sjølvsagt at vêrforholda lammar ferjetrafikken. Tidlegare i dag måtte det ryddast ei stor grein av vegen på fylkesveg 61, på nordsida av Drageskaret, seier teknisk vakt.