Larsnes-sambandet stengde, opna, men stengde igjen

Det bles nordleg, full storm første nyttårsdag. Det gir visse utfordringar. Særskilt på Larsnes-sambandet.

RUSKUT: Slik såg det ut på Sandsfjorden i retning mot Herøy første nyttårsdag.  Foto: Endre Vorren

New Articles

Norled opplyser tysdag føremiddag at det må reknast med forseinkingar utover dagen på Larsnes-sambandet.

Ferja som trafikkerer mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøya maktar altså ikkje å halde ruta.

Oppdatert: Denne ferja legg tysdag stilt mellom kl. 11.45 og 13.35, opplyser Norled i ei ny melding.

Ny oppdatering kl. 14.40: Bilferja Kvam prøvde seg ei runde frå Larsnes til Kvamsøya, men la stilt igjen etter ankomst Kvamsøya. Tek opp att ruta når forholda betrar seg.

Vêrmeldingane seier at stormen faktisk skulle auke på før han spaknar utpå ettermiddagen.

Det er også venta trafikale utfordringar andre stadar som fylgje av den sterke nordavinden. Boreal opplyser at snøggbåtruta mellom Hareid, Ålesund og Valderøy er innstilt på grunn av vêrforholda.

Også ferjesambandet Molde-Vestnes er stengt - inntil vidare - første nyttårsdag.