Bilferja "Kvam" prøver seg i rute igjen

Bilferja "Kvam" løyste tampane og gjekk frå Kvamsøya litt over klokka 18 tysdag kveld.

Kvam: Prøvar frå Kvamsøya mot Larsnes no.  Foto: Endre Vorren

New Articles

Då hadde ferja vore vêrfast det meste av første nyttårsdag.

- Vi prøver no, og satsar på at turen let seg gjennomføre, fekk vi opplyst på brua til "Kvam" då vi ringde litt over klokka 18 tysdag.


Larsnes-sambandet stengde, opna, men stengde igjen

Det bles nordleg, full storm første nyttårsdag. Det gir visse utfordringar. Særskilt på Larsnes-sambandet.

 

Slik Vestlandsnytt skjønar det, er det særskilt Voksa ferjekai som har bydd på dei største problema i den nordlege stormen tysdag. Då ferja gjekk ein tur midt på dag, måtte Voksa-anløpet sløyfast. Av denne grunn har det i difor vore fleire passasjerar om bord i ferja som har vore vêrfaste i fleire timar.

Mange nyttårsgjestar på øyane har fått eit lengre opphald i havgapet enn dei venta seg.


Stolpe heng over stengd fylkesveg

Ein kraftstolpe med veglys heng berre etter leidningane over fylkesvegen på Sandsøya.


I følgje AIS kursar ferja til Åram først. Det kan tyde på at ein framleis vurderer det å anløpe Voksa som utrygt.

OG: Klokka 19.00 frå Larsnes verkar ferja å vere i ordinær rute igjen.