Skifta trafo på morgonkvisten:

Straumlaust i delar av Herøy

Nyttårsaftan var det straumlaust i området Bergsøya - Nerlandsøya. Ved midnatt var berre nokre få straumlause.

Levande lys må til.  Foto: pixabay

New Articles

Mørenett melde klokka 21.20 om straumbrot på dei to øyane.

Personell er på veg for feilsøk, opplyste nettselskapet.

Tidlegare måndag ettermiddag har det vore straumbrot fleire stadar i distriktet, mellom anna i store delar av Vanylven. Sandvika på Hakallestranda skal ha hatt det lengste utfallet. Der fekk dei attende straumen, før eit nytt lynnedslag slo ut straumen igjen litt før klokka 23.

Nyttårsaftan er det dårleg vêr, med sterk kuling og regnbyger. Om lag då straumbrotet i Herøy fann stad, var det også torevêr.

Oppdatering klokka 22.40: Øyvind Storeide ved vaktsentralen til Mørenett opplyser til Vestlandsnytt at mesteparten av Bergsøya no skal ha fått att straumen. Men heile Nerlandsøya er framleis straumlaus.

- Vi har folk ute i terrenget og jobbar målretta for at alle skal få att straumen så raskt som råd. Men det er ein jordfeil, så det tek litt tid før alt er retta, seier Storeide vidare.

Han reknar det som "høgst sannsynleg" at det er eit lynnedslag som har slått ut straumen utover til dei to øyane. Nøyaktig kvar, og kor store skadene er, har ikkje Mørenett oversikt over halvannan time før årsskiftet.

- Men folk får att straumen før nyttår?

- Det satsar vi på. Men vi kan ikkje garantere noko, seier Storeide.

Oppdatering kl 01.07: Mørenett opplyste like over midnatt at ein øydelagd trafo var lokalisert på Nerlandsøya. Kundar under denne trafoen må vente nokre timar før straumen er tilbake. Alle andre som var råka av straumbrotet på Nerlandsøya/Bergsøya skal no ha straum.

Oppdatering tysdag føremiddag: Mørenett opplyser at trafoen på Nerlandsøya var skifta ut klokka 05.50 om morgonen. Det er venta at denne operasjonen skal ha ført til at alle fekk straumen tilbake.