Føraren uttrykte først at han var uskadd etter utforkøyringa, der det var ein del skader på bilen. Seinare klaga mannen på hovudsmerter, og fekk ein helsesjekk.

Vel så alvorleg var det faktum at mannen i 30-åra bles til over tillaten verdi på ein promilletest etter ulukka. Deretter vart det gjeve ordre om blodprøve.

Føraren har ikkje gyldig førarkort for bil. Det har tidlegare blitt fråteke mannen, på grunn av fyllekøyring.

Meir fyllekøyring

Tidlegare laurdag kveld var det eit anna tilfelle av angjeveleg fyllekøyring i Fosnavåg.  Då kom det inn fleire meldingar til politiet om mogleg promilekøyring. Ein mann i trettiåra vart av vitne peika som sjåfør under denne køyringa. Mannen vart teken med til blodprøve, og vart meld.

Kontroll i Ulstein

Elles kan vi frå politiloggen laurdag ettermiddag nemne at det vart halde ein promillekontroll på Varleite i Ulstein. 50 førarar vart sjekka, og alle hadde sitt på det tørre. Kontrollen vart halden etter ei veke med hyppige kontrollar over det meste av landet.