Pilot-E er eit samarbeid mellom Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Enova. Dei grunngjev pengegåva i at Havyard leiar eit prosjekt, FreeCOAST, med ambisjonar om utsleppsfri drift i verdsarvfjordane og i deler av den ordinære ruta for nye Kystruten gjennom å kombinere batteri og hydrogen-brenselceller.

- Slik kan vi gjere dei mest miljøvennlege skipa på langs den norske kysten endå meir miljøvennlege, og prosjektet kan også gi eit teknologiskifte innan sjøtransport. Aldri tidlegare har så store skip segla over så lange distanser totalt utsleppsfritt som dei vil her, skriv leiar for FoU-arbeidet i Havyard, Kristian Steinsvik i ei pressemelding.

I den same meldinga hevdar Havyard at skipet med hydrogenenergi kan segle halve kystruta frå Bergen til Kirkenes, helt utsleppsfritt. Det betyr naturlegvis også at seglasen i UNESCO sine verdshavområder vil bli heilt utsleppsfrie.

Systemet skal kunne settast om bord og vere i drift innan utgangen av 2022.

- Det blir utfordrande, men vi ser nye krav, både frå nasjonale og internasjonale styresmakter, som blir så strenge at det vert krav om ny teknologi for å oppnå nødvendig reduksjon av utslepp frå skipsfarten. Vi ser at fleire reiarlag har byrja å leite etter løysingar. Vi er svært heldige som no har ein kunde som Havila Kystruten og støtte frå Pilot-E som gjer at vi no kan vere blant dei fyrste til å gå i denne retninga, prosjektleiaren for FreeCOAST, Kristian Osnes.

- Stolt og glad

Konsernsjef Geir Johan Bakke har følgjande kommentar til nyheita.

- I dag er eg både stolt og glad for alle dei dyktige og motiverte medarbeidarane vi har i Havyard. Vi er i fremste rekke innan det grøne skiftet, og Pilot-E-prosjektet og andre nye produkt vi utviklar i Havyard er bevis på det.

Havila Kystruten har verdas største batteripakker og energieffektive design, men administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll, seier det er viktig å stadig utvikle seg.

- Vi har allereie lagt mykje i å tenke miljø og berekraftig framtid, og har allereie innfridd krava frå styresmaktene med god margin. Men vi skal vere heilt i front på denne utviklinga og held fram med å strekke oss. Kystruten vil være den mest miljøvennlege seglasen langs den norske kysten frå januar 2021.