Aglen er ein av ni søkjarar til den ledige stillinga som rådmann i Sande kommune. Tilsettingsrådet gjennomførte først intervju med tre søkjarar, deretter to. Ei samrøystes innstilling frå kommunen sitt tilsettingsutval er at Aglen får jobben.

Kommunestyret oppnemnde desse til tilsetjingsråd for tilsetjing av rådmann i sak K-45/18: Ordførar Dag Vaagen, varaordførar Anne-Marte S. Beitveit, formannskapsmedlem Arnljot Muren og hovudtillitsvalt Jostein Korsnes.

Trond Arne Aglen er 47 år og bur i  Ulsteinvik. Han har utdanning frå Politihøgskolen. I tillegg har han også fleire delfag frå Politihøgskolen, Norges Handelshøgskole og Høgskulen i Volda. Mellom anna innan og personalutvikling, regional planlegging og utvikling samt påbegynt masterprogram i samfunnsplanlegging og leiing.

Direkte og arbeidssam

Aglen er i dag tilsett som avdelingsdirektør i Vest politidistrikt. Han har tidlegare hatt ulike leiarstillingar innan politiet. Aglen har også lang og brei erfaring frå organisasjonsarbeid.

- Trond Arne Aglen er ein direkte, engasjert, open og arbeidssam person. Referansar gjev han svært gode skussmål. Han vert omtalt som ein leiar som har stor tillit hos sine medarbeidarar. Han samhandlar også svært godt med sine overordna, kommenterer ordførar Dag Vaagen i tilrådinga som no skal opp til politisk behandling.

Tilsettingsrådet peikar også på hans evne til å ta ansvar, hans gode kommunikasjonsevner, samt engasjementet og ei strukturert arbeidsform.

- Han er utolmodig av natur og likar ikkje å la ting ligge, heiter det mellom anna i ein fin attest frå tilsettingsrådet. Det er formannskapet som skal tilsette ny rådmann.