Det grønne skiftet» skyt fart i Noreg – det einaste og reinaste landet i verda, som alt har 100 % grøn kraftforsyning og difor ikkje treng noko grønt skifte. Det hindra elles ikkje Regjei å bruke ca. 35 milliardar berre i 2017 på klimatiltak for å «oppfylle våre forpliktingar». Men det er peanøtter i høve til rekninga som snart kjem for norske forbrukarar, næringslivet og industrien.

I tett og ukritisk samarbeid med Zero og NHO, er Regjeringa i gong med å pepre norsk natur med vindmølleparkar for å redde   klimaet på jorda med «teknologi». Første trinn i denne planen var ACER og dei nye «smarte» straummålarane ein fekk montert i alle hytter og heimar på kort tid. Andre trinn er å innføre subsidierte vindmølleparkar og solstraum-anlegg som Noreg ikkje treng. Og tredje trinn er å innføre ein ny «effekttariff», som skal erstatte prissystemet som har gitt oss nordmenn låge og føreseielege straumrekningar i 100 år eller der omkring. Nå vert det slutt på det. Samtidig skal straumnettet «oppgraderast» for fleire 100 milliardar for å takle vindkrafta og sende stabil norsk vasskraft hit og dit i Europa, samtidig som du må vere førebudd på å miste straumen nokre timar no og då, gjennom styrte utkoplingar. Alt dette er helt unødvendig, det vert veldig dyrt, og du skal betale for det.

Noregs velfungerande straumforsyning skal altså reformerast fullstendig med solkraft og vindmøller, og skal koplast tett saman med heile Europa som ein del av Europas gigantomaniske «grønne skifte», i håp om å stoppe uvêr i 2100 eller der omkring … kanskje. Tyskland og Danmark har halde på med vindkraft lenge, fordi Tyskland og Danmark alltid har hatt mangel på eigne energikjelder. Dei trengde å eksperimentere og forske, men resultata er eintydige der også: Vindkraft skaper berre problem.

Australia er elles eit meir interessant case, fordi det ligg heilt isolert, har berre ca. 25 millionar innbyggarar og har hatt eit stort, stabilt og velfungerande kraftforsyning basert på litt vasskraft og eigne kolreserver i tiår etter tiår. Ingen problem. Heile denne kraftinfrastrukturen var i stor grad nedbetalt og dekka Australia sitt kraftbehov. Alt fungerte heilt fint fram til 2005. Dei trengde sol- og vindkraft like lite som Noreg gjer det, men i 2005 starta altså vindmølle-galskapen i Australia også, og nøyaktig same år starta problema for forbrukarane og næringslivet.

I kortform vil innføring av vindkraft og solkraft i eit velfungerande kraftnett føre til dette:

• Straumprisen doblar eller tredoblar seg.

• Kraftnettet vert ustabilt og uføreseieleg.

• Næringslivet mister konkurransekraft fordi all straum blir dyrare.

• Alle varer og tenester vert dyrare for forbrukarane. Næringslivet vert svekka.

• Kraftmangel og styrte straumutkoplingar vert vanlege.

• CO2-utslepp og kolavhengigheit held fram.

• Sal av dieselgeneratorar og backupløysingar aukar.

• Den økonomiske utviklinga bremsar og stoppar opp.

• Kraftkrevande industri flaggar ut til lågare prisar og meir stabilitet.

• Vindmølleindustrien vert meir avhengig av subsidiar.

• Jobbane vert skapte i lågkostland som Kina.

• Andre kraftprodusentar sluttar å investere.

• Energifattigdom oppstår blant låginntektsgrupper.

• Vedlikehaldsutgiftene for kraftnettet eksploderer.

Konklusjonen er krystallklar: Sol- og vindkraft verkar ikkje. Å innføre vindmøller og solkraft i eit godt fungerande, nedbetalt, stabilt kraftnett, (som det norske) resulterer i ei katastrofe for forbrukarane og næringslivet. Det løyser ingen problem og skaper berre mange nye problem, til ein enorm kostnad for næringslivet og forbrukarane. For det første treng vi ikkje eit nytt vanvit-kostbart kraftnett betalt av norske skattebetalar, men eigd av tyske næringsinteresser. Vi har alt eit kraftnett som er nedbetalt, velfungerande og stort nok for Norge. For det andre er ikkje vindkraft lønsamt. Det er enormt kostbart, subsidiert og økonomisk øydeleggande. Når europeiske politikarar ukritisk hevdar at «nå er fornybart rimeligere enn kullkraft» er det ei blank lygn basert på triksing med tal og statistikk, samt at «Det Grønne Skiftet» har tredobla kraftprisane og pålagt samfunnet og næringslivet verknadslause CO-avgifter.

Mennesket har ingen kontroll over klimaet, og ingen kan seie sikkert kva klimaet gjer neste år. Klimakampen er heilt nyttelaus. Sølv om alle land i verda kutta 100 % CO2 til neste år, ville klimaendringane halde fram som før, for klimaendringar er natur, og når ein kjempar mot sjølvaste sola, så vil man sannsynlegvis tape.

Resten av verda kuttar då heller ikkje CO2: Etter 30 år med klimakamp, har utsleppa gått opp kvart år. Kina, India og USA er ikkje med på dette tullet, og minst 1500 kolkraftverk er under planlegging. I Kina fyrer dei opp eit nytt kolkraftverk kvar veke. Noreg kan øydelegge alle sine naturperler med vindmøller og sløse bort 100 % av oljefondet på «å oppfylle våre klimaforpliktelser», og det vil vere 100 % bortkasta.

Regjeringa har ikkje rett til sløse bort hundrevis av milliardar på noko som beviseleg ikkje fungerer, berre fordi sterke kapitalkrefter ønsker det, vennene i Zero pressar Noreg til det, og fordi Angela Merkel ber Norge redde hennar grøne fiasko. Berre ved å oppgradere mange gamle vasskraftanlegg og samkøyre generatoranlegga vs. nedbørsaktivitet, kan Norge auke produksjonen med 10 – 20 % av dagens kapasitet.