Dei siste vekene har motstandarane av Nordøyvegen mobilisert kraftig, og i den samanheng har det kome ein del påstandar som ikkje kan dokumenterast. Elevorganisasjonen og fleire med tilknyting til skule og utdanning har skapt eit inntrykk av at det er Nordøyvegen mot eit godt tilbod innan vidaregåande skule. Dei meiner altså at vi ikkje kan få begge delar.

Samtidig har vi fleire pessimistar i eigen kommune, blant anna ordførar Arnulf Goksøyr og fylkespolitikar Bjarne Kvalsvik. Ordføraren har gått så langt at han seier at Herøy er i ferd med å bli ein salderingspost. Kanskje han skal ta inn over seg at kostnadane til prosjekta som Herøy står ovanfor, truleg snart er på nivå med det fylket må ut med for å realisere Nordøyvegen.

Vi skal få til våre prosjekt, men eg trur ikkje det er ein god taktikk å stikke kjeppar i hjula for andre delar av fylket for så å søke støtte til våre prosjekt. Eg vil også nemne Herøybrua, Frøystadtoppen og Skarabakken, berre for å understreke at det blir feil å kalle oss ein salderingspost. På same måte som at vi har venta fleire titals år på Skarabakken, så har Nordøyane venta minst like lenge på sin veg, vi er ikkje i nokon unik nedprioritert posisjon.

Eg skal kort forklare dei to alternativa. Det eine er sjølvsagt å bygge Nordøyvegen. Det meste av finansieringa er ferje og hurtigbåtmidlar, mva-kompensasjon, bompengar på nivå med ferjebilletten og diverse andre tilskot. Fylket tek opp lån på ca. 2,9 mrd. kr, der 745 millionar av disse er «reservemidlar» som vi forhåpentlegvis aldri treng å bruke. Då er vi nede i ca. 2,15 mrd.

Det andre alternativet er «null-alternativet». Kvar det namnet kom ifrå veit eg ikkje, kanskje null veg? Det er i alle fall ikkje null kroner. Det vil bety nytt ferjeanbod, og med dei nye miljøkrava, fylgjer det med eit behov for nye ferjekaier. I tillegg kjem kostnaden for oppryddingsarbeidet for det arbeidet som allereie er gjort på Nordøyvegen. Totalt ein prislapp kring 1,3 mrd. Samstundes kjem dei årlege driftsutgiftene til ferje på minimum 75 millionar i året. Andre kostnadar som eg ikkje kan dokumentere, men som vi veit kjem i større eller mindre grad, er ikkje tekne med. Eg tenkjer då på det auka behovet for straum ut på øyane, nye kablar har også ein pris.

Eg tenkte å avslutte der eg starta. Elevorganisasjonen og andre innan skule og utdanning er altså redde for at Nordøyvegen skal kvele budsjetta deira i framtida. Eg er meir bekymra for kostnadane ved å ikkje bygge Nordøyvegen, og eg lurer på kvar vi skal få støtte for bruene og hamna vår om vi skal drive å stikke kjeppar i hjula for alle andre sine prosjekt.

Karl-Oskar Sævik

Leiar i Herøy Frp, 10. Kandidat til fylkestinget, Møre og Romsdal Frp