Adventstida i Fosnavåg sentrum blei innleia med musikk og graut laurdag 1. desember. Elevar frå kulturskulen song og spelte musikk, medan Herøy FSK Sjøspeidar selde graut.

Rektor ved kulturskulen, Rune Paulsen, fortel at det er ein del av læreprosessen for elevane å framføre for publikum, og at dei samtidig gjerne ville skape litt julestemning i sentrum.