I dag er det første søndag i advent. Dagen der man tender det første lyset på adventsstaken, men samtidig også dagen der det er tradisjon for julegrantenning mange stadar i vårt julepynta land.

Vi veit at mange krinsar i Herøy og Sande skal tende si julegran i dag, og vi oppmodar difor våre lesarar om å sende inn sine bilde til oss.

Vi ber om at bilda vert sendt inn til e-postadressa redaksjon@vestlandsnytt.no. Dei som sender inn treng ikkje å skrive lange utgreiingar, men ein kort omtale (til bildetekst) samt namnet på fotografen.

Vi nyttar samtidig høvet til å ynskje alle ei fin adventstid!