Rem Offshore viser vekstambisjonar

Eit selskap kontrollert av Rem Offshore AS har i dag gjennomført kjøpet av dei to PSVane Brage Supplier og Brage Trader.

Fredrik Remøy: Administrerande direktør i Rem Offshore AS.  Foto: Josefine Spiro (arkiv)

New Articles

I ei pressemelding skriv administrerande direktør Fredrik Remøy i Rem Offshore AS at dette er to moderne PSVar med stor lastekapasitet og auka innreiing. Begge skipa går på kontrakter og gir selskapet ein fornuftig inntjening.


Remøy meiner kjøpa viser Rem Offshore sine vekstambisjonar, og stadfestar deira posisjon som ein konkurransedyktig organisasjon.