Myklebust Verft leverte to miljøferjer

I løpet av torsdag og fredag har Myklebust Verft levert to nye plug-in hybridferjer til FosenNamsos Sjø.

Flaggskifte: Prosjektleiarane (t.v.) Øyvind Sandvik og Tor Inge Nordmo frå verftet og teknisk sjef Joachim Ofstad Ness frå reiarlaget FosenNamsos Sjø gjennomførte flaggskiftet fredag.   Foto: Myklebust verft

New Articles

Det er ferjene "Lagatun" og "Munken" som denne veka har blitt overlevert. Ferjene har byggnummer 390 og 391. Begge to skal operere på sambandet Flakk - Rørvik i Trøndelag frå nyttår. Det er ei byggekontrakt frå november 2016 som no er ferdigstilt.

- Med bygginga av desse fartøya har Myklebust sin stab og våre underleverandørar levert eit produkt som miljømessig har dei aller nyaste og beste løysingane, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide i Myklebust Verft i ei pressemelding.

- Ferjene vil i stor grad få all straum frå kraftige landbaserte hurtigladestasjonar som vil levere 4,5 megawatt, seier Øyvind Sandvik og Tor Inge Nordmo som har vore prosjektleiarar frå verftet. Det er Siemens si ny-utvikla batteriløysing som er valt både ombord i ferjene og til ladestasjonane på Flakk – Rørvik.


360 graders panoramasalong

I tillegg har ferjene, som er designa av Multi Maritime i Førde, moderne lav-utslepp dieselaggregat om bord. Kapasiteten er 130 personbilar og 399 passasjerar som har tilgang til ein 360 graders panoramasalong under overfarten.

Mellom innovasjonane om bord er også navigasjonssystemet Autocrossing frå Rolls-Royce. Systemet bidreg til lavare energiforbruk gjennom å analysere ytre omgjevnader og sørge for best mogleg energioptimal overfart.


– Eit teknologisk vendepunkt

- Vi gled oss til å ta imot passasjerane om bord i Lagatun og Munken som med sine hybridløysingar vil vere eit teknologisk vendepunkt innan norsk ferjedrift, seier Adm. Direktør Grete Fuglem i FosenNamsos Sjø i den same pressemeldinga.

Ferjene vil sette kursen mot Trondheim så fort veret tillet det.


PS! Vestlandsnytt kjem tilbake med eiga sak om ferjene, som du kan lese i papiravisa tysdag.