– Vinteren blir krevjande

Havila Shipping ASA sine rekneskapstal viser dei tøffe tidene i offshore-bransjen.

Njål Sævik: Sævik trur det blir ein krevjande vinter for Havila Shipping og dei andre offshore-selskapa.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

Havila Shipping melder i ei pressemelding at resultatet før skatt i tredje kvartal blei på minus 91,8 mill. I same periode i 2017 var resultatet på -56,8 millionar.


Etter tre kvartal er resultatet før skatt på -305,4 million, medan det i i fjor var på pluss 906,5 million.


Administrerande direktør i Havila Shipping, Njål Sævik, kommenterer tala slik:

– Vi går no inn i vintermånadane, og vi veit at det vil bli nokre krevjande månadar. Havila Shipping slit i likskap med resten av bransjen med at det er for mange skip tilgjengeleg i forhold til etterspørselen. Før dette endrar seg vil nok heile offshore-bransjen slite med dårlege tal, seier Sævik.


Havila opplyser også at flåteutnyttelsen er på 90% for dei skipa som er i arbeid.