No har Havila Kystruten gitt namn til skipa sine

Per Sævik lot barneborna kome med forslaga då dei nye skipa til Havila Kystruten skulle få namn.

Havila Kystruten skal bygge fire skip som frå og med 2021 skal gå mellom Bergen og Kirkenes. No har dei fått namn.  Foto: Havila Kystruten

New Articles

Dei fire skipa til Havila Kysturen som skal inn i rute mellom Bergen og Kirkenes 1. januar 2021 har fått namna Havila Capella, Havila Castor, Havila Polaris og Havila Pollux, melder Havila Kystruten i ei pressemelding.


Skipa har fått sine namn etter at Havila-eigar Per Sævik tidlegare i år lyste ut ein namnekonkurranse for dei åtte barneborna sine, der rammene var at namnet skulle innehalde Havila og namnet på ei stjerne.


Havila Kystruten melder også at Havila Capella og Havila Castor skal bli bygde ved verftet Tersan i Tyrkia, medan Havila Polaris og Havila Pollux vil bli bygde ved det spanske verftet Barreras.


Kvart av dei fire skipa blir på 122,7 meter og skal ha plass til 640 passasjerar. Av desse skal 468 få plass i lugarar, medan 172 er dagspassasjerar.