All - absolutt all - vekst i godstrafikk på Vestlandet dei siste åtte åra har skjedd på vegane. Ufattelege 1.600.000 tonn meir gods går på det vestlandske vegnettet i 2018 enn i 2010 - medan 900.000 tonn mindre blir frakta sjøvegen langs Vestlands-kysten.
I same periode har det pågått eit evinneleg, utmattande utgreiingsarbeid om sikring av det farlegaste havstykket på heile Vestlandet: Stadhavet. Stad Skipstunnel vil sikre ein trygg passasje forbi Stadhavet året rundt, og opne opp for stabile, faste ruter for både gods- og passasjertrafikk langs Vestlandskysten. Stad Skipstunnel har brei støtte frå eit samla Vestland og eit samla næringsliv på kysten, og ligg inne i Nasjonal Transportplan med byggestart seinast i 2021.
Venstre meiner dei nye tala som Statens Vegvesen no legg fram, syner at vi ikkje kan vente lenger med å gjere fine festtaler om meir godstransport på sjøen til røyndom. Kua døyr medan graset gror - og godstransporten flyttar seg stading meir over til landevegen medan byråkratiet utgreier Stad Skipstunnel i nye rundar.
Stad Skipstunnel er eit unikt og banebrytande prosjekt, som for fyrste gong vil syne næringslivet at Storting og Regjering meiner alvor med festtalene om å satse på sjøtransport. Det vil vere starten på ei ny tid for sjøtransporten, og vere med å avlaste presset mot eit stadig meir overbelasta vegnett i det sentrale austlandsområdet. Framtida bør vere direkteruter med båt frå Vestlandet til Europa - frå eit stadig meir verdiskapande Vestland.
Vi vil som Venstre-politikarar på Vestlandet på det sterkaste oppmode Storting og Regjering til å skjere gjennom. Tida for å bygge Stad Skipstunnel er no, og dei fyrste løyvingane til prosjektet må kome i 2019.
Gunhild Berge Stang , Pål Farstad og Lena Landsverk Sande