– Her har vore folk og sett spor på golvet, benkane og veggane. Og så har kanskje huset sett spor på deg – når du har vore her ved ulike anledningar.

Sokneprest Sigmund Bjerkvik har kvar einskilde kyrkjegjengar si fulle merksemd, der han står under den nye, dekorative båten oppunder taket i kyrkjeskipet. Folket sit tett i tett på dei mange, nyvaska kyrkjebenkane. Lufta duftar av olje, og minner oss til stadigheit på innsatsen som er gjort med å få fram det originale tregolvet.

– Dette kyrkjerommet er skapt for å romme deg heile livet ditt. Du har merka dette rommet med din kropp og ditt liv, seier presten.

Ja, for det at Gursken kyrkje var moden for ein real oppussing, fortel oss noko veldig fint: Bygdefolket er glade i kyrkja si – og bruker ho veldig mykje.

Etter gudstenesta blir alle med ut på kyrkjebakken for å sjå vigslinga av det nye gravfeltet. Ei gruppe menn i dress og kvinner i kjolar viser veg, med faklar i hendene.

Etterpå vert heile kyrkjelyden med inn igjen. No er det nemleg klart for årets store dugnadskonsert – den 5. i rekkja. Men først nyttar programleiar Britt Muren høvet til å seie litt om den formidable innsatsen som er blitt gjort på dugnad i kyrkja sidan midten av september.

– Det fortener ein applaus, avsluttar ho.

Klappsalvane ljomar godt mellom kyrkjeveggane.

Måtte pusse nasen

Dei musikalske innslaga kjem som perler på ei snor, og nærast oser av talent og nerverøyrande kjensler. Ein av songarane, Nils Johan Husøy, ser ut til å gjere ekstra sterkt inntrykk. Då programleiaren tek ordet etter framføringa hans, har ho akkurat lagt frå seg lommetørkleet.

– Ja, no måtte eg pusse nasen godt, og det var ikkje berre fordi eg er forkjølt, seier ho.

Fortalde frå barndomen

Berre eitt av dei rundt ti innslaga er ikkje musikalsk, og det er det den lokale kåsøren Møyfrid Tveten som står for. Ho har vore fast kyrkjegjengar heile livet, og minnest enno korleis det var å vere i Gursken kyrkje som lita.

– Det første eg kan hugse var at alt som føregjekk var ganske uforståeleg for meg, som berre var 5–6 år gammal. Presten tala og vart aldri ferdig. Songane gjekk veldig seint og hadde minst åtte vers, og alle skulle syngjast. Og alle såg veldig alvorlege ut. Vi som var små måtte sitje heilt stille og ikkje seie eit einaste ord. Og det kunne vere vanskeleg nok når du er ein liten nysgjerrigper, fortel ho.

– Medan gudstenesta gjekk sin gang, var det litt av kvart å sjå på inne. Der var damer som hadde hattar – nesten alle gamle damer hadde hattar. Veldig mange gamle «manna» hadde måne. Eg såg på hattane og månane. Kyrkjebenkane, dei var like høge då som dei er no.

Publikum bryt rett som det er ut i latter, så Møyfrid må vente på ro før ho held fram:

– Eg hadde høyrt mykje om Jesus, og eg fekk med meg at det var Gud og Jesus det handla om. Gud hadde så mange namn. Det var «Gud Herren», «Gud Faderen». Somme sa: «Herre Gud».

Nok ein gong vert det lattertornado mellom kyrkjeveggane ...

– Jesus heitte Kristus Hosianna Davids son til etternamn. Og så var det den Heilage ande, men det var det visst ikkje så nøye med ...

Etter konserten, vart det bore opp kaffi og kaker frå kyrkjekjellaren. Vestlandsnytt hadde ikkje tid til å få med seg verken det eine eller andre, men vi plukka opp eitt og anna ord frå gjestane i kakekøen. Dei verka umåteleg fornøgde.