Nyhende →
Mopedbråk i Fosnavåg sentrum
Fleire mopedførarar skapte støy med køyring i Fosnavåg sentrum natt til laurdag, melder politiet kl. 01:31. Politiet har stansa nokre av dei. Ein person er meld for køyring utan gyldig førarkort, og ein er bøtelagt for ikkje å ha brukt hjelm.