Teknologiselskapet har sett på rute og fart til ei rekkje ulike fartøy. I tillegg har ein gått detaljert til verks for å samanlikne bruk av Stad skipstunnel for to konkrete fartøy - ein brønnbåt og ein kjemikalietankar. Scenarioet er "normale forhold i vinterhalvåret".

- Brønnbåten sparer 50 minutt på å gå i tunnel og reduserer samstundes forbruket av drivstoff og CO2-utslepp med om lag 60 prosent, heiter det i konklusjonen frå Rolls-Royce.

Kjemikalietankaren vil bruke om lag same tid på dei to alternativa, men igjen: Her vil drivstoff og CO2-utslepp bli redusert med rundt 30 prosent.

Total reduksjon i CO2-utslepp for dei to fartøya ved å gå ein einaste tur i tunnelruta er rekna til 1,75 tonn. Det tilsvarer like mykje CO2 som ein personbil slepper ut når han køyrer 25.000 kilometer.

- Vi har estimert skilnadene i tid og forbruk på ein litt mindre og ein litt større båt. Konklusjonane er tydelege, kommenterer avdelingsleiar for skipshydrodynamikk ved Rolls-Royce si avdeling i Ulsteinvik, Leif Vartdal.

Mange vel å gå indre lei

Han seier Rolls-Royce har jobba med slike problemstillingar i mange år. I 2005 vart det etablert eit samarbeid med Sintef/NTNU-miljøet i Trondheim for å forske på dette feltet.

- Vi har gjennom studien også sett at mange fartøy vel å gå indre lei på Sunnmøre før eller etter dei skal passere Stad. Det fortel at dei prioriterer smulare farvatn framfor kortare seglingslei i ytre, og dette skuldast ikkje minst bølgjeforholda ved Stad og på kysten av Sunnmøre, legg Vartdal til.

I perioden oktober og november i år har Rolls-Royce teke føre seg seglingsrute og fart (basert på data frå AIS) til 17 fartøy i ulike storleikar og kategoriar. Ein har knytt dataene opp mot bølgjehøgde og samanlikna med den eventuelle alternative ruta som vil gå gjennom Stad skipstunnel. Konklusjonen er gjennomgåande lik: Samla sett sparar fartøya tid, og endå meir er det å hente på drivstoff-forbruk og dermed også miljøutslepp.

- Vi får det svart på kvitt

Rapporten frå Rolls-Royce er tinga av Havila Kystruten og Vanylven Utvikling i fellesskap.

Svein Gjelseth i Vanylven Utvikling seier konklusjonane i rapporten ikkje er uventa.

- Nei, faktisk ikkje. Dette har i årevis vore trekt fram som ein av mange viktige faktorar. Det viktige, og gledelege, er at vi her får det svart på kvitt. Nemleg at det er svært mykje å spare både når det gjeld tid, drivstoff og utslepp. Rolls-Royce er mellom dei fremste i landet på denne typen vurderingar, og difor vende vi oss til dei for å få ein fagleg solid og uhilda rapport, seier Gjelseth.

- Korleis vil de bruke denne rapporten framover?

- Rapporten vert eit viktig verktøy i den vidare kampen for å få fullt gjennomslag for at Stad skipstunnel skal byggast. Politikarane, både i posisjon og opposisjon, skal sjølvsagt bli presenterte for rapporten, som syner det mange har snakka om, men som vi ikkje har kunne talfeste tidlegare, seier Gjelseth.

Han er medlem også av styringsgruppa for Stad skipstunnel. Alle som er involverte i kampen for Stad skipstunnel set no sin lit til at KrF, som er i forhandlingsposisjon, kan få inn 30 millionar kroner på statsbudsjettet for 2019. Det er i fylgje Gjelseth eit viktig steg vidare for å sikre framdrifta til prosjektet, som også ligg inne i Nasjonal Transportplan.