Ein kan stille seg spørsmålet: Når tid vert fosteret eit menneske? Skjer dette ved fødselelen eller før? Vi er mange som meinar at allereie ved befruktninga så har eit nytt menneske vorte til! Det har ei sjel og har retten til å få leve. Den einaste gyldige grunnen til abort skulle vere om det står om mora sitt liv.

Vår sivilisasjon er bygd på Bibelen. Kva seier den om ufødte born? Kong David skriv i Salme 139: «Auga dine såg meg då eg var eit foster. Alle dager er skrivne opp i di bok, dei fekk form før ein av dei var komen.» Fleire slike bibelord talar om at Gud reknar fostera som menneske som han har omsorg for. Nokon har sagt at ei ufødd ætt skal stå opp i domen og fordøme denne slekta.

Mange kvinner angrar bittert på at dei har tatt abort. Sjølvsagt så kan dei få tilgjeving for dette slik som andre synder, men barnet får dei ikkje tilbake. Fostert i magen var ikkje ein del av kvinna, men eit sjølvstendig individ. Det er viktig å få aborttala ned. No treng Noreg arbeidskraft frå andre land for å få kompensert for om lag ein halv million born som er teke livet av sidan  abortlova kom. Dette er svært alvorleg!

Vi er på full fart tilbake til heidenskapen der uønska born vart sette ut i skogen. Noko av det mest groteske er lova om tvillingabort. Kva for eit av fostera skal få leve og kva for eit skal takast livet av? Noreg er det landet som har gått foran med denne lova! Det er tragisk og svært trist. Abort vart tidlegare kalla fosterdrap. No er det på tide at vi omvender oss. Kvifor skal uskyldig blod få renne på våre sjukehus?

Hans Reite

Volda