Statsminister Erna Solberg opnar for å forhandle om innstramming i abortlova når ho no skal til med forhandlingar med KrF om regjeringsmakt. § 2c, som har blitt kjernen i debatten, opnar for at kvinner kan få utført abort etter veke 12 dersom fosteret har alvorleg sjukdom eller avvik. Dette må søkjast om og avgjerast i ei nemnd.

Nestleiar i KRF, Kjell Ingolf Ropstad, seier målet med lovendringa er at færre kvinner skal ta abort. Statsminister Erna Solberg påstår derimot at ei lovendring ikkje vil få praktisk betydning. Ho prøvar altså å gjere alle til lags. Men blir § 2c endra, og andre faktorar i staden skal tilleggast større vekt, slik som psykisk helse eller sosiale forhold, vil kvinner i større grad vere prisgitt å kunne forklare seg for nemnda. Det vil vere ei innskrenking av rettane til kvinner i ein allereie svært vanskeleg situasjon.

Ord som «sorteringssamfunn» og «downsparagraf» blir flittig bukt av statsministeren og Ropstad i eit forsøk på å avspore debatten. Men det store fleirtalet av svangerskapsavbrot knytt til § 2c er ikkje relatert til Downs syndrom. Ifølgje Tilde Broch Østborg, overlege ved kvinneklinikken ved Stavanger universitetssjukehus, har talet på levandefødde born med Downs syndrom auka med 30 % frå 1970-2017. Det stemmer altså ikkje at kvinner i hopetal oppsøker ei nemnd for å abortere vekk foster med Downs syndrom.

Erna Solberg og Kjell Ingolf Ropstad meiner at kvinner som bestemmer seg for å søkje abort, skal stå til ansvar for «sorteringssamfunnet», og at det er rimeleg at dei skal måtte bruke personlege grunnar som økonomi, livssituasjon og psykisk helse, og krysse fingrane for at nemnda synest det er «gode nok grunnar». Å påføre skuld og skam, og å presse kvinner til å gjennomføre svangerskap er inga god løysing.

Dersom KRF og Høgre verkeleg meiner at dei ikkje vil ha eit «sorteringssamfunn», bør dei løfte blikket bort frå abortlova, og heller sørgje for betre støtteordningar til familiar med alvorleg sjuke born. Dette er familiar som beskriv økonomiske bekymringar, tallause møte og kampar som må takast for at barnet deira skal få den hjelpa som trengst for å leve så godt som mogleg. I tillegg er dette familiar som går med ei ekstra bekymring for barnet sitt, og korleis framtida vil bli. Det heile blir absurd når dei KRF skal forhandle med går inn for kutt i pleiepengar, strammar inn på pengar til fysioterapi, og toppar det heile med kutt i barselsomsorga.

Å bruke abortlova i forhandling om regjeringsmakt er ikkje greitt. Skal lova diskuterast, må det gjerast på ærleg vis, og ikkje som ledd for å oppnå noko anna. Lova berører krevjande etiske spørsmål ein skal ha respekt for. Vi meiner at kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp må liggje fast. Det er ikkje nødvendig å gjere livet til kvinner (og familiar) som allereie er i ein vanskeleg situasjon, endå vanskelegare. Kvinner er i stand til å ta sitt eige val. Vern om abortlova!

Bli med på demonstrasjonen i Volda sentrum laurdag og vis motstand!

SV-LAGA I ØRSTA OG VOLDA