Svindlarane appellerer ofte til kjenslene våre og spelar gjerne på frykt, tidspress og eit ønske om å hjelpe andre. Dersom du får mistenkelege e-postar eller telefonar, bør du tenke deg om å to gongar. Du må aldri gi frå deg personlege passord eller pinkodar, uansett grunn og kven som spør, seier Amundsen. Det er særleg fem former for svindel som er viktig å vere obs på.

Investeringsbedrageri

Mange har opplevd å få e-postar på dårleg omsett engelsk, som lovar deg store summar dersom du hjelp til med ei overføring, eller at du har vunne i eit lotteri. Investeringsbedrageri kan også vere at du blir lokka med eit tidsavgrensa tilbod til å kjøpe noko som vil gi deg ein økonomisk gevinst.

Falsk kundeservice

I dag brukar vi ein rekke ulike digitale tenester. Dette utnyttar svindlarar ved å gi ut seg for å vere kjende verksemder som Facebook, Netflix og Amazon. Dei ønsker gjerne å få deg til å gi frå deg person – og/eller kredittopplysningar, eller brukarnamn og passord.

Venn i trøbbel

I denne svindelforma blir du kontakta på til dømes e-post av nokon som du kjenner. Ofte er personen i trøbbel i utlandet, og må låne pengar. Her har svindlaren mest sannsynleg teke kontroll over e-postkontoen til vennen din, og brukar den til å svindle omgangskretsen til den eigentlege eigaren.

Utpressingssvindel

Her påstår ofte svindlaren at ein har tilgang til offerets webkamera, og har filma at vedkomande har sett på pornografi. Dersom ein betalar til ei oppgitt adresse, ofte Bitcoin, blir filmen sletta, om ikkje blir den sendt til offeret sine kontaktar. I realiteten har svindlaren aldri tilgang til webkameraet.

Romantikksvindel

Denne svindelforma startar ofte med ein uskyldig førespurnad frå ein person med ein interessant bakgrunn, til dømes ein vellykka forretningsperson. Stegvis blir det bygd opp stor tillit gjennom følelsesmessig involvering og romantikk. Først etter fleire månadar oppstår det uføresette hendingar der svindlaren ber om pengar for å løyse eit problem.

Slik unngår du å bli svindla på nett:

1. Ikkje gi frå deg person- eller kontoopplysningar på telefon eller e-post.

2. Hugs: Dersom noko verkar for godt til å vere sant, så er det som regel det.

3. Aldri gi frå deg passord eller pinkodar – uansett grunn og kven som spør.

4. Aldri still kontoen din til disposisjon for overføring av ukjende.

5. Klikk aldri på lenker i mistenkelege e-postar.

6. Aldri betal pengar som svindlaren krev.