I siste Vestlandsnytt kunne me lesa at NAV og Herøy kommune har starta eit samarbeidsprosjekt som skal hjelpa folk som er utanføre arbeidslivet, med å koma seg i arbeid att. Det er då vel og bra. Men eg sette nesten kaffien i halsen då eg såg at det heiter «Utsikten».

Tidlegare i år vedtok kommunen ein flott språkbruksplan, han slår klårt fast i aller fyrste setninga at nynorsk er administrasjonsspråket i Herøy. Vidare kjem det fram at kommunen ynskjer å verna om det lokale talemålet og byggja på denne lokale identitetsmarkøren.

Når det gjeld den statlege etaten NAV, so skal han fylgja vedtaket frå kommunen.

Å kalla noko i kommunen for «Utsikten» harmonerer ikkje med språkbruksplanen; det er korkje nynorsk eller talemålsnært. Eg tør påstå at dei fleste herøyværingane seier «utsikta», og det er slik det vert skrive på nynorsk. Ein bør alltid slå opp i ei ordbok om ein er uviss på skrivemåten, særleg når ein namngjev prosjekt og dokument o.l. No kan eg i farten nemna at Nynorskordboka (og Bokmålsordboka) som Universitetet i Bergen og Språkrådet driv, ligg gratis ute for alle på ordbok.uib.no, det finst ogso ein app som heiter «Ordbøkene».

Me vil alle tena på at det vert tenkt meir på språkbruken – det fører som regel til eit betre og klårare språk.

Håkon Remøy

herøyværing og landsstyremedlem i Norsk Målungdom