Kvite dagar er eit omgrep som er mykje brukt om alkoholfrie dagar, og for mange barn er det største juleønsket å få feire jul saman med vaksne som er edrue. Barn ynskjer vaksne som er til stades og som ter seg normalt og er hyggelege. I desember blir det drukke dobbelt så mykje alkohol som i dei andre månadene i året. Juletradisjonane er fuktige i mange heimar, og mange barn gruar seg til jul på grunn av drikkinga til dei vaksne.

IOGT har derfor Kvit jul-aksjonar i år og. Målet for kampanjen er å få fleire vaksne til å drikke alkoholfritt i jula. IOGT Region Midt-Norge, som omfattar Helgeland, Trøndelag og Møre, vil i november og desember ha stand på ulike stadar i regionen. Foreldre og andre vaksne blir oppmoda om å skrive under på at dei ikkje vil drikke alkohol når dei er saman med barn i julehelga 23.–26. desember.

Tal frå Folkehelseinstituttet syner at 90 000 norske barn har minst ein forelder som misbrukar alkohol, og ein reknar med at det er dobbelt så mange som har foreldre med risikofylt alkoholforbruk.

Undersøkingar syner at det i dag er 18 % av vaksne nordmenn som ikkje brukar alkohol, og ungdommen drikk mindre alkohol enn før. Likevel har alkoholforbruket i Norge auka med om lag 40 % dei siste 20 åra. Det er i stor grad fleire kvinner og fleire eldre som drikk meir enn før. Auken i alkoholkonsumet er det i stor grad besteforeldregenerasjonene som står for. Dagens besteforeldre drikk meir enn den tidlegare besteforeldregenerasjonen.

Folkehelserapporten frå 2014 syner at auken i alkoholkonsumet er størst for dei over 65 år, men og auke for dei mellom 50 og 60 år. Rusforskar Ingeborg Rossow ved Folkehelseinstituttet seier at i desse gruppene er det få som ofte drikk seg fulle, men det samla inntaket har auka og drikking er blitt vanlegare. Rossow poengterer at det ikkje er talet på drinkar som avgjer korleis barn eller andre oppfattar deg. Eldre menneske treng ikkje å drikke mykje før det merkast på dei. Mange eldre brukar roande medikament eller sovemiddel. Saman med alkoholbruk kan verknaden av både medikamenta og alkoholen bli forsterka. Dette kan igjen svekke dømmekrafta og ein vert ustø, og det skaper utryggleik og uhygge for barna.

Med Kvit jul-aksjonen oppmodar IOGT derfor særleg besteforeldregenerasjonen, men og alle andre vaksne om å la vere å drikke alkohol når dei er saman med barn i jula. Det treng ikkje å vere alkoholisme eller fyll, før eit barn opplever det som utrygt å vere saman med vaksne med promille. Eit par glas er nok til at det skjer små endringar i framferda hos den som drikk. Barn merker endringane mykje raskare enn den vaksne sjølv. Barn er ikkje oppteken av mengda alkohol, men konsekvensane av inntaket. Mange vaksne som drikk saman med barn, tenkjer nok ikkje på at barna synest det er utriveleg.

Ser du ikkje nokon IOGT-stand og får skrive Kvit jul-kontrakt, kan du avtale med deg sjølv at du lar vere å drikke alkohol når du er saman med barn i jula. Det vil gje barna tryggleik og velvære. Kvit-julkontrakten kan du òg signere på nettsida: hvitjul.no.

IOGT Region Midt-Norge

Per-Arne Lillebø (leiar)  og

John Almendingen