Herøy brann og redning skal i november undervise elevar på 6. trinn i barneskulen om grunnleggande brannvern, og dele ut Brannvesenets julekalender. Den inneheld viktig bodskap for adventstida: Korleis få ei trygg og brannfri høgtid. Vi er ikkje aleine om denne viktige førjulskampanjen. 54 brannvesen deltek på Brannvesenets julekalender. Barneskular i kommunar frå Alta i nord til Kristiansand i sør får tilbod om å delta i det vi meiner er den aller viktigaste julekalenderen.

Farlegast heime

Det er dessverre ikkje utan grunn at så mange brannvesen nyttar store deler av november til å besøke skulane i sitt nærområde. Dei fleste brannar oppstår i bustadar og vi står no framfor ei travel og kald adventstid: Vi fyrer i peis og omn, lagar meir mat enn vanleg, pyntar med stearinlys og overbelastar det elektriske anlegget med julelys i alle variantar.

Filmar frå hele landet

Julekalenderen er forma ut på tradisjonelt vis med luker som skal opnast kvar dag. Bak kvar luke vil borna finne ei nettadresse til dagens luke i den tilhøyrande nettkalenderen (www.brannvesenetsjulekalender.no). Bak lukene i nettkalenderen ligg det konkurransar, oppgåver og filmsnuttar. Filmsnuttane er frå brannvesen og born frå ulike stadar i Noreg, og alle innslag formidlar sjølvsagt brannførebygging.

Born er gode ambassadørar

Brannvesenet ynskjer å presisere at det er dei vaksne sitt ansvar å passe på at sløkkemiddel og røykvarslar er på plass, og at brannfarleg pynt og dekorasjon ikkje blir nytta. Brannvesenet er mykje i kontakt med born elles i året og har god erfaring med denne målgruppa som haldningsambassadørar i hus og heim.

JOHN NORMAN PETTERSEN