Forventningane var store.Skyhøge nærast.Folk hadde tésa om dette fenomenet i årevis, alt- og no var det endeleg vår tur.

Ein var stæsja og dandert i finstasen etter beste, småbrisne evne.

Mangla berre paljettar, glitter og fjøyr, men vel fram- og innkomne på Breidablik på Larsnes, skjøna vi fort at dét – var der andre som sørga for!

For eit fyrverkeri av ei dugnadsånd!

For ei briljering av ekte musikkglede, musikalitet og scenetekke!

Solist- og bandprestasjonane gav oss skjelvingar der slikt vanlegvis er gått i gløymeboka.

Atmosfæren i den flott pynta «ballsalen» var varm, inkluderande og etter kvart heit.

Eg personleg- song meg hås, i alle fall litt sånn halvstilt inni meg og på radbrekt Hjalmarengelsk.

Men.

Det trur eg jaggu dei tett på 180 andre der gjorde òg!

Og – innimellom dei musikalske perlene, smaug dei engleaktige servitørane seg mellom radene og gav oss kulinarisk estetikk som burde halde til både ei og to stjerner på Michelinhimmelen!

At det var godt?Tenk deg at du ikkje likar rå fisk.

Ikkje tale om!

Og så får du servert det som ein teaser og konferansieren med dei slagferdige seansane innimellom speling og servering, gjev streng og klar beskjed om at: «Det er ikkje allergi å ikkje like! Smak!»

Eg smakte.Åt opp.Ville ha meir endåtil!

Og aldri har brosmesuppe kokt på hysebein utta Sandefisk, nesten gjort bordkavaleren min flau fordi eg var freista å sleikje skåla!

Eg stod imot – og smakte JubileumsTøs i staden.

Øl.Som eg ikkje har lært meg å like i dei vel 30 åra eg har freista.

Magi.Stemninga var elektrisk som gitarsoloane på scena, og dei flotte solistane sine velfungerande flørtetrix med publiken.

Trur eg kan påstå eg smelta minst fem–seks gongar. Frå den fløyelsmjuke Leikangerstemma til Maestro André, gjennom den høge og rå pitchen til Mr. Trygve Sætre og til kveldens ubestridte Queen of honey & soul: Laila Fjørtoft Sandanger.

For ikkje å snakke om bandet Feel It!Eg berre: OMG!!

Kveldens matfraternering kulminerte i kalv så mør at om den «steikje store skeia» frå brosmesupa ikkje var alt koma i oppvasken på kjøkenet – ja, så hadde eg ete kalvekjøt og Broccolini, «vanlege» rotfrukter, plome og poteter i portvinssaus, med den.

At vi skulle få bli med på bærtur i flytande- og litt meir fast- form litt etterpå, var vi uvitande om enn så lenge.

Låtten og bongkjøpinga sat laust.

Vi hadde det rett og slett fantastisk.

Dermed stod att finaleretten- krydderrjome med bringebær innan Rovde.

Eg har ete bringebær på Rovde før, ég!

Dei var aldri så mjukt dandert på handpiska rjome- då.

Eller komplettert med likør av same, bringebærraude valør.

Summa summarum?

Vi kjem att!

Soleklar seksar.

Til alle aktørar: I can still Feel It!

... så får det våge seg både feber, hoste og tjukk hals.

Det var nok ikkje dokka sin feil dét.

Tusen takk!

«People, people – people get movin’!» Av stad til Larsnes med dokke!

Unni Takseth