- Kontrakten er ny for Havila Borg, som også har operert på britisk side av Nordsjøen elles den seinare tida. Skilnaden no er at denne båten skiftar oppdragsgjevar.

Det seier finansdirektør Arne Johan Dale i Havila Shipping ASA til Vestlandsnytt.

Dale har ikkje så meir informasjon om kontrakten, og vil ikkje spekulere i om dette opnar for ein eventuell lengre kontrakt.

- Når det gjeld våre PSV-skip, er det ingen av dei som har vore i opplag sidan i vår, legg Dale til.