Det viktige er å gjere det som kjennest rett. Når det ikkje kjennest rett lenger, må eg gjere noko anna. Emma Sævik har trekt føtene oppunder beina i sofaen i daglegstova heime på Remøya. Foreldra er på helgetur til London, så ho og søskena på 12 og 15 år har huset for seg sjølve.

Emma snakkar om det ho gjer på scena. Dansen. Songen. Musikken. Men også livet generelt og kven ho ønskjer å vere. Difor har ho aldri meldt seg på talentkonkurransar som The Voice eller Idol. Det kjem ho heller aldri til å gjere, seier ho.

– Det hadde vore kjempekjekt å vere artist, spele inn songar og gi dei ut, men eg vil ikkje vere kommersiell. Når du melder deg på slike program, er eg redd nokon vil prøve å lage eit image til deg. Du skal vere ganske trygg på deg sjølv for å tørre å vere deg sjølv fullt ut. Og eg veit ikkje heilt kven eg er enno; eg er no berre 17 år, seier Emma.

Draumen er å bli musikalartist.

– Får eg oppleve det, kan eg døy lukkeleg, smiler ho.

– Det mest morosame eg har vore med på, var då vi sette opp musikalen «Cry Wolf» med skulen (musikklinja ved Volda vgs., red. mrk.). Eg stod berre i koret, men det var så kjekt å få vere ein del av ein stor produksjon.

Ho fekk også «musikal-kjensle» då ho deltok som dansar på suksess-showet «Bryl & Vinyl» i Fosnavåg i haust.

– Det var utruleg gøy å kombinere dans og skodespel på den måten, seier ho.

Skal kore Beady Bell

Dei siste åra har Emma vore godt synleg i det lokale kulturlivet. Som ein av dei eldste dansarane ved Herøy kulturskule, har ho utmerka seg i show som Glee’orious og Bryl & Vinyl. Men ho er minst like kjend for røysta si. Etter at ho byrja på vidaregåande, får ho bruke ho heile tida – både på skulen og i bandet «Ufokusert», som ho starta saman med nokre klassekameratar. For ei stund sidan fekk ho dessutan ein hyggeleg førespurnad. Beady Bell, med vokalist Beathe S. Lech i spissen, inviterte henne til å kore når bandet spelar i Fosnavåg førstkomande fredag. Det takka ho ja til.

– Eg gler meg veldig. Det er kjempekjekt å få moglegheita til å sjå korleis ein skikkeleg artist jobbar. Ho har utruleg kul musikk. Dessutan er ho sunnmøring, og det er inspirerande å sjå at ho gjer det så bra, seier Emma.

(Saka held fram under bildet)

Syng i band: I byrjinga av før­re sku­le­år danna Emma Sæ­vik ban­det «Ufkusert» sam­an med nokre klas­se­ka­me­ra­tar. Her ser vi Emma un­der ein bandopptreden på Som­mar­fes­ten i Fos­na­våg. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

17-åringen har «alltid» sunge.

– Mamma brukar å seie at viss eg ikkje prata, så song eg – heilt frå eg vart fødd, seier ho.

Emma hugsar godt bilturen til den første songtimen. Elise Nærø hadde starta opp i foreldra sine musikkbutikk i Fosnavåg. Emma var ein av dei første songelevane hennar.

– Eg var 9–10 år gammal og skikkeleg spent. Eg gleda meg veldig, seier ho.

Frå då av vart det mange soloopptredenar.

– Det var gøy å stå på scena åleine. Då eg var yngre var eg sjeldan nervøs – eg berre gleda meg til å vise fram det eg hadde lært, minnest Emma.

Ein skulle kanskje tru at det var omvendt; at dess meir scenevan ein vert, dess lettare vert det å opptre. Slik er det ikkje for Emma.

– Eg vert eigentleg meir og meir nervøs i takt med at forventningane stig. Når du har drive med noko lenge, stiller du høgare krav til deg sjølv. Eg lyst til å imponere. Og når eg har sett meg eit mål, så gir eg meg som regel ikkje før eg har nådd det. Men så har eg lært at det er forskjell på kva andre meiner og kva ein sjølv synest om eigne prestasjonar.

(Saka held fram under bildet)

Mu­si­kalsk: Emma går andre året på mu­sikk­lin­ja ved Volda vi­da­re­gå­an­de sku­le. Ho har song som «ho­vud­inst­ru­ment», men spe­lar også både pi­a­no og gi­tar.

Tvingar seg til å kople av

Ein lodden, firbeint venn sprett opp i sofaen og gnir hovudet inntil Emma sine bleike jeans. Ho stryk den kosete adoptivkatten under øyret og gir han plass ved sida av seg. Rambo brukar å få kome oppi senga hennar også – på onsdagsettermiddagane, når ho tek fri frå «alt», og koplar ut med lett underhaldande TV-seriar, som «Modern Family» på Netflix. Det var ikkje før i år at ho skjønte at det var noko ho trengde.

– Eg har alltid vore dårleg til å sette grenser for meg sjølv. Eg ville helst vere med på alt. Men så kjende eg på kroppen at det ikkje gjekk. Eg måtte vere litt streng med meg sjølv og gi kroppen og hovudet tid til å kvile.

Å byrje på musikklinja i Volda, kjendest for Emma som å kome «heim».

– Der er fleire som brenn like mykje for musikken, og alle er veldig flinke til å ta vare på kvarandre. Då er det kanskje greitt å stikke seg ut.

Emma er feminist. Ho fann det ut allereie tidleg på ungdomsskulen.

– Eg er blitt kjend som «ho feministen» på godt og vondt. Folk er veldig opptekne av det. Eg har opplev at det å vere feminist i Herøy ikkje vert oppfatta som noko positivt, iallfall ikkje i mi aldersgruppe. Eg trur mange tenkjer på feministar som folk som er sure og klagar, seier Emma.

– Kva betyr feminisme for deg?

– For meg handlar det om at kva for legning eller kjønn du har ikkje skal ha noko seie, og at kvinner og menn skal ha like rettigheiter. Det handlar om å bryte kjønnsroller, som gjerne er ganske sterke på bygda. Gutar skal kunne vere feminine utan å få hat for det, og jenter skal få kunne gjere same ting som gutar utan at det vert noko oppstyr.

Emma har alltid vore oppteken av samfunnspolitiske spørsmål. På ungdomsskulen var ho mest oppteken av enkeltsaker, men det har dabba av litt, seier ho.

– Det er litt fordi eg har mykje anna å tenkje på, men det har også å gjere med at eg er blitt eldre og ser litt meir nyansert på ting. Eg er mest oppteken av at alle skal ha det bra, seier ho.

Difor har ho minst èi stor hjartesak:

– Eg er veldig oppteken av psykisk helse og at folk skal ha ein grei livskvalitet. Det er så mange unge som slit i dag, og det må bli teke tak i, seier Emma, som sjølv vert sterkt råka av at folk rundt henne har det vanskeleg.

– Då får eg også låkt, og det påverkar min eigen livskvalitet. Eg har veldig lyst til å fikse alt, seier Emma og smiler forsiktig.