Klokka 16:10 kom der inn ei melding om ein lekkasje om bord i eit supplyskip i opplag på Remøy hamn. Herøy brannvesen kom til staden og har starta arbeidet med å lense den 70 meter lange båten, Olympic Elena. Det skal vere ein intern lekkasje, då det er ferskvatn det er snakk om. Møre og Romsdal 110 sentral skriv at vasstanden er stabil, og at det vert jobba med å lense båten.

Det er enno ikkje kjent kva som er kjelda til lekkasjen.