Det var klokka 04.25 søndag morgon politiet melde om slagsmålet der fleire personar var deltakarar. Slagsmålet vart innmeldt til politiet klokka 00.48.

Ingen personskade, melder politiet. Ein mann i byrjinga av 20-åra vart køyrd til heimen sin. Ein annan ung mann, som framleis er i tenåra, vart bortvist frå staden. Også han vart skyssa heim.

Begge kamphanane er melde for ordensforstyrring. Politiet nemner ingen av dei andre som skal ha vore involverte i tumultane.

Seint laurdag kveld vart det meldt om ein overstadig rusa person i Herøy. Mannen i sekstiåra vart køyrd heim.

Ulstein-tjuvar

Elles tek vi frå fredag ettermiddag med at to personar vart pågripne etter at dei hadde stole ein VW Golf i Ulsteinvik sentrum. Dei to vart stoppa i den stolne bilen. I etterkant set politiet dei to i samanheng med fleire tjuveri og brotsverk i nærområdet i det siste.