Fase ut fasttelefonen?

- Vi kan ikkje ta vekk fasttelefonnettet. Det vil gje kaos og krise.

  Foto: Illustrasjonsfoto: Wikipedia

New Articles

Eg ser i Vestlandsnytt 23. oktober ei sak om at Telenor er i ferd med å fase ut fasttelefonnettet.

Kven er det som styrer dette landet? Er det regjeringa eller Telenor? Vi kan ikkje ta vekk fasttelefonnettet. Det vil gje kaos og krise.

På same side i avisa vert det fortalt om torever som slo ut mobilnettet. Det er ei side av same sak. Vi kan nemleg ikkje stole på mobilnettet. Her er Telenor villig til å setje liv og helse på spel for å realisere ein hårreisande galskap.

Her vil det ruleg kome søksmål i ettertid, når kommunikasjonen vert sett ut av spel. Og då skal dei som står bak, settast til ansvar.

Vi TRENG fasttelefonnettet som ein viktig beredskap. Eg vil gå så langt som å kalle dette internsabotasje og undergravingsverksemd. Dette må stoppast.

Øystein Storeide