Tilsvar:

Bakgrunn for tverrpolitisk arbeidsgruppe

Herøy kommune har i dag fleire viktige samfunnsprosjekt som krev eit godt samspel mellom det politiske miljøet og administrasjonen.

ARBEIDSGRUPPA: F.v. Arnulf Goksøyr, Solveig Båtsvik og Svein Gjelseth.  Foto: Jann Flatval

New Articles

I formannskapet den 13.03. 2018 vart det vedteke å opprette tverrpolitisk arbeidsgruppe for prosjekta Fosnavåg hamn, Herøy vg.skule og bruene over Vaulane.

Dette er 3 saker som vil ha stor betydning for Herøysamfunnet.

I Vestlandsnytt den 23. mars 2018 vart det informert om den politiske arbeidsgruppa der ein gjennom tverrpolitisk innsats skulle ha fokus for å redde viktige saker som Hamn, bru og skule.

Vi må bli flinkare i Herøy til å ta kampen når kampen står, og samle oss når det kjem til gjennomføring, seier Arnulf Goksøyr, Solveig Båtsvik og Svein Gjelseth i den nykomponerte, tverrpolitiske arbeidsgruppa til Vestlandsnytt.

Formannskapet skal handsame, gjere vedtak eller gje innstilling til kommunestyret i m.a. saker som vedkjem heilskapsplanlegging, reguleringsplanar, politiske leiings- og samordningsoppgåver, inklusivt samarbeid med andre kommunar. Formannskapet har og mynde til elles å arbeide med saker som ikkje er delegert til andre eller som ikkje ligg til kommunestyret sjølv.

I sakene som gjeld Fosnavåg hamn, vidaregåande skule og sikre ny forbindelse til Nerlandsøya og seinare Remøya vil det vere viktig med sterk tverrpolitisk styring. Gjennom politisk arbeid skal ein sikre at prosjekta vert realisert og kjem i hamn i tråd med dei intensjonar og føringar som gjeld. Etablering av tverrpolitiske arbeidsgrupper ser ein som ei mogleg løysing for å sikre framdrift i sakene.

Det er lagt til grunn at arbeidsgruppa held seg orientert, deltek i drøftingar, sikrar med-

verknad og er med på lokale og regionale møter der arbeidsgruppa «sine» prosjekt er på dagsorden. Administrasjonen fungerer som sekretær og gjennomfører det praktiske arbeidet kring arbeidsgruppene. Arbeidsgruppene rapporterer til komitear, formannskap og kommunestyre på vanleg måte.

Ved å ha ein open intern tverrpolitisk dialog, bidreg ein til politisk tyngde (styrke) i sakene og at målsetjingane vert nådd.

Så litt informasjon om dei tre prosjekta:

Nerlandsøy bru:

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har ansvaret med å greie ut og bygge ny fastlandsforbindelse til Nerlandsøya, ikkje Herøy kommune.

Det er gjennomført fleire tilstandsvurderingar av brua og den siste omfattande undersøkinga vart gjennomført av Dr.techn. Olav Olsen i oktober 2017. Den konkluderte at restlevetida vil vere avhengig av valgt vedlikehaldsstrategi og tre forskjellige alternativ er presentert:

A. Ingen tiltak (minst mulig tiltak). Restlevetid: 5 år

B. Tyngre vedlikehold, mindre reparasjoner og forsterkninger, vedlikehold eller eventuelt fornyelse av katodisk anlegg. Restlevetid: 10 år

C. Tyngre vedlikehold, større reparasjoner og forsterkninger, nytt katodisk anlegg.

Restlevetid: 30–40 år.

Vegdirektoratet rådde til at ein ikkje utførte omfattande og kostbart vedlikehald og i mars 2018 vedtok Samferdselsutvalget i fylket at brua bør skiftast ut innan ei periode på 5–6 år. Det betyr at ny fastlandsforbindelse skal vere etablert seinast 2023.

Ser vi to-tre år før tilstandsvurdering frå Dr.techn. Olav Olsen vart presentert så gjennomførte Statens vegvesen i 2014–2015 eit forprosjekt der tre hovudalternativ for kryssing av Søre Vaulen vart vurdert;

• undersjøisk fjelltunnel,

• betongtunnel og

• 11 ulike brualternativer.

Herøy Kommunestyre gav sin uttale til forprosjektrapporten desember 2015, K-sak 193/15. Etter ein lang kommunestyredebatt der ei rekkje forslag vart lagt fram vedtok Herøy kommunestyre:

Herøy kommunestyre tar forprosjektrapporten om FV20 Nerlandsøybrua til vitande. Ein ber Statens vegvesen om at alternativ 10 vert greidd ut og vurdert, med fortrinnsvis 20 mtr. høgde, i ein ordinær planprosess etter plan- og bygningslova som sikrar brei medverknad.

Herøy kommunestyre legg til grunn at val av brutrase og seglingshøgd skal vere framtidsretta og i tråd med mål og strategiar slik det går fram av gjeldande samfunnsplan.

Den 03.02.2016 handsama samferdselsutvalet forprosjektrapporten frå Statens vegvesen. I protokollen kan ein lese at Bjarne Kvalsvik fremma på vegner av seg sjølv og 4 andre ei presisering i pkt. 2 i vedtaket, presiseringa lyder:…. Over hamna med maksimum 20 m seglingshøgde.

Samferdselsutvalet sitt vedtak den 03. 02. 2016 vart:

Samferdselsutvalet tek forprosjektrapporten fv. 20 Nerlandsøybrua til vitande.

Samferdselsutvalet ber om at brualternativ 10 – Over hamna med maksimum 20 m seglingshøgde – i forprosjektrapporten leggjast til grunn i det vidare arbeidet med planlegging av ei ny Nerlandsbru. 

Politisk behandling av Statens vegvesens forprosjekt resulterte såleis i at brualternativ 10 vart valt, ei 610 meter lang betongbru rett nord frå dagens bru med 20 meter seglingshøgde og 5 % stigning. Anslag på kostnad i juni 2017 med P50 er på 447 MNOK inkl. mva.

Det som er viktig å merke seg er at fylkeskommunen har parallelt med planprosessen vedtatt at investeringskostnaden for ny fastlandsforbindelse må reduserast med 200 MNOK inkl. mva., eit vedtak som kan omsettast til å vere ei føring for prosjektet.

Ein viser til budsjett og økonomiplanbehandling i fylkeskommune der økonomiplanen for periode 2017–2020 hadde ei ramme på Nerlandsøybrua på 423 mill. kr og at denne ramma er redusert i økonomiplanperioden for 2018–2021 til samla 215 mill. kr.

Basert på desse føringane har Fylkeskommunen valgt å ta eit lite skritt tilbake ved å gjennomføre ei verdianalyse og sjå nærmare på kva mulighetsrom ein har.

Verdianalyse er ein kreativ, systematisk prosess med mål om å finne riktig løysing som oppfyller dei viktigaste funksjonane (behovet) til lågast mogleg kostnad.

Basert på bakgrunnen til prosjektet med redusert kostnadsramme, har fokuset vore å identifisere dei viktigaste behova som har verdi til framtidig fastlandsforbindelse.

20. september 2018 inviterte fylkeskommunen til eit utgreiingsarbeid på Thon hotell Fosnavåg, eit ledd i Verdianalysearbeidet. Herøy kommune deltok saman med fleire eksterne tekniske fagmiljø på m.a. bru og tunnel. Dette arbeidet er tidlegare gjeve att i media og publisert på kommunen sine nettsider.

Fylkeskommunen har i si bestilling til konsulent i verdianalysearbeidet lagt vekt på:

1. Kartlegge overordna rammevilkår og verdier for ny fastlandsforbindelse

2. Kartlegge mulighetsrommet for løsninger

a. Identifisere grep som kan redusere investeringskostnad

Kommunen si rolle i verdianalysearbeidet har vore å gi saksinformasjon som tidlegare har vore førande for prosjektet.

Når rapporten frå konsulentselskapet var ferdigstilt vart kommunen invitert til Molde for å diskutere innhaldet og konklusjonane i rapporten (verdianalyse). I møte måndag 8. oktober 2018 deltok fylkesordførar, samferdselssjef, leiar i samferdselsutvalet, administrasjon i fylkes-

kommune og tverrpolitisk arbeidsgruppe m/sekretær.

Referatet frå dette møte er journalført og tidlegare gjeve att i media og publisert på kommunen sine nettsider.

Det den tverrpolitisk arbeidsgruppa har signalisert til MR fylke er følgjande:

• MR fylke og HK er samde om at verdianalyse er eit viktig dokument for å kome vidare i saka. Med vising til investeringskostnaden for ny fastlandsforbindelse må reduserast vesentleg.

• Ein er samd om å sjå nærare på traseval på bakgrunn av MR fylke sine krav om at brukostnadane må vesentleg ned. Vi viser då til at fylkeskommunen har vedteke at investeringskostnaden for ny fastlandsforbindelse må reduserast med 200 MNOK inkl. mva.

• At 20 meter høgde på bru er førande (i tråd med kommunestyrevedtak som var fortrinnsvis 20m høgde)

• At tunnelalternativet vert greidd ut utan forutinntatte synspunkt og at det vert gjennomført utvida undersøkingar for å teste ut tunnelalternativet.

• At MR fylke søkjer kompetansemiljø i Norge som kan bistå i det vidare arbeidet

• At ein ser på nye entreprise og konkurranseformer som kan bidra til økonomiske gevinstar

Løysingane ein vurderer vidare, slik kommunen forstår det, er :

• ei høgbru på 20 m og

• ein senketunnel med seglingsdybde 6 m.

 Vi siterer frå verdianalyse med omsyn til bru og betongtunnel:

Verdianalysa viser at etter ein gjennomført forstudie ser det ut som om dette kan vise seg å koste omtrent det same. Senketunnelalternativet trenger noe mer planlegging før en kan vurdere kostnaden med rimelig treffsikkerheit.

Ulike verdiar står mot kvarandre. Ei bru med seglingshøgde 20 meter og bredde mellom søylene på 40 meter vil gi ein betre kjøreveg, men vil ikkje bidra til framtidig betre kvalitet på farleda.

Alternativet med tunnel og seilingsdybde 6 m har et potensial for å øke kvaliteten på denne farleden, men nærmere studier av dagens båttrafikk og fremtidens båttrafikk må utredes. Andelen spesialfartøyer med større dypgående enn 6m vil være lav, og hovedmengden av fartøy vil da i fremtiden uhindret kunne passere Søre Vaulane. En tilleggsverdi med tunnel er at tunneltverrsnittet kan utrustes med høye vegger slik at områdene nord for dagens trase blir skjermet og dermed kan utnyttes på en bedre måte, herunder etablering av båthavn og muligens ekstern finansiering. Denne for-

delen kan også være et potensial knyttet til løsninger med sjøfyllinger:

Det er viktig å påpeike at det er fylkeskommunen som eig prosjektet og kjører prosessen med Herøy kommune som ein naturleg samarbeidspartnar.

I mai 2018 handsama formannskapet planforslag for ny bru til Nerlandsøya og vedtok å legge denne ut til offentleg ettersyn i seks veker. Kommunen har ikkje motteke planforslag til sluttbehandling frå fylkeskommunen. Det er fylkeskommunen ved sin utøvande instans Statens vegvesen som samordnar denne reguleringsprosessen mot politisk nivå lokalt.

Herøy vidaregåande skule

Den same politiske arbeidsgruppa har gjennomført møte  9. oktober med fylkesordførar og administrasjon på Herøy rådhus for å kome vidare i prosjektet. Bakgrunnen før møte var brevet frå MR fylke 02. 08. 2018 der det gjekk uklart fram korleis fylkeskommunen stilte seg til eit vidare utviklingarbeid av skulen. Herøy formannskap diskuterte brevet frå fylkeskommunen i møte 15. 08. og inviterte fylkeskommunen til ein konstruktiv og god dialog med omsyn til utvikling av HVS.

Det var eit positivt møte den 9. oktober der ein vart samde om prosessen vidare. Ein har no oppretta arbeidsgruppe for å ta prosjektet vidare. 

Fosnavåg hamn

Etter at prosjektet ikkje fekk moglegheit til å delta i den statlege forskotteringsordninga for 2018 har den politiske arbeidsgruppa dei siste dagane gjennomført politiske møte med sentrale representantar på Stortinget. Arbeidsgruppa arbeidar for å få prosjektet i posisjon igjen og presenterte seinast den 22. 10. prosjektet for fylket sitt regional- og næringsutval i Fosnavåg og den 23. 10. for Stortinget sin næringskomite i Fosnavåg.


Arnulf Goksøyr v/Ann-Kathrin Storøy (personleg vara), Svein Gjelseth, Solveig Båtsvik