Alle fortener fridom til å leve!

- Sjølv om årets Operasjon Dagsverk arbeider for palestinske ungdommar inneber det ikkje at dei arbeider mot Israel.

Artikkelforfattaren: Oskar Fjørtoft Sandanger  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/arkivfoto

New Articles

Operasjon Dagsverk, eller OD, har sidan 1964 gitt norske skuleelevar moglegheita til å gje bort éin dag av si utdanning i solidaritet med ungdom i andre land. Dette er ein stolt og lang tradisjon som vert verdsett av unge og gamle rundt i heile landet. 

I mars i år valte eit overveldande fleirtal av representantane på Elevtinget, Elevorganisasjonens øvste demokratiske organ, at årets OD-midlar skal gå til KFUK-KFUM Global sitt arbeid i Palestina. Med slagordet «Fridom til å leve» sett årets OD-prosjekt søkelys på palestinsk ungdom som er fødd inn i ei konflikt som dei sjølv ikkje var med på å starte, men som dei må leve med konsekvensane av.

Årets Operasjon Dagsverk fokuserer på traumebehandling, likestilling og opplæring i rettar blant palestinsk ungdom. Dette er ikkje meir radikalt enn tidlegare OD-prosjekt, men likevel har OD vorte utsett for ein svertekampanje frå organisasjonar med fiendtlege syn på Palestina. Fleire ungdomar fortel at dei har opplevd grov hets og vert skulda for å bidra til terrorisme og jødehat ved å støtte årets Operasjon Dagsverk. Dette synest vi er veldig problematisk og krenkjande. Operasjon Dagsverk og KFUK-KFUM Global har fleire gongar vore tydelege på at dei tek kraftig avstand frå alle former for rasisme, og dei anerkjenner Israel som ein legitim stat. Sjølv om årets Operasjon Dagsverk arbeider for palestinske ungdommar inneber det ikkje at dei arbeider mot Israel.

Operasjon Dagsverk trur på ungdom! 

Det å vekse opp i ei konflikt gjer livet vanskeleg for mange palestinske ungdomar. Traume, angst og depresjon grunna fengselsstraff gjer at mange droppar ut av skulen og mister utdanninga dei har krav på. Det er difor OD i år fokuserer på psykisk helse og traumebehandling. Gjennom å arbeide med det dei har opplevd, får ungdomane hjelp til å kome attende på skulen eller i arbeidslivet.

Likestilling er ein annan viktig komponent i årets OD-prosjekt. Palestinske kvinner har alt for ofte ikkje dei same rettane og moglegheitene som menn. Trass i at kvinner jamt over har høgare utdanning, ser ein at dei er svært underrepresenterte i maktposisjonar. Gjennom OD bidreg norske skuleelevar til at stemmene til unge kvinner vert høyrde og at alle ser verdien av eit meir likestilt samfunn. 

Vidare får ungdom auka demokratiforståing, og kjennskap til ikkje-valdelege verkemiddel som dei kan bruke i arbeidet for ei fredeleg framtid. På denne måten får unge palestinarar moglegheita til å ta grep om si eiga framtid.

Det er dette Operasjon Dagsverk i år støttar. Derfor vert vi triste av å sjå at vaksne menneske skuldar både OD og KFUK-KFUM Global for å ha skjulte agendaer og antisemittiske haldningar når dei i realiteten arbeider for at dei grunnleggjande menneskerettane til ungdom vert ivareteke. Dette burde ikkje vere kontroversielt.

Vi vil oppmode alle til å støtte Operasjon Dagsverk med å anten tilby jobb til ein elev på OD-dagen, 1. november, eller ved å jobbe sjølv viss du har moglegheit til det.

Vi er mange som støttar ungdomar sin kamp for ei meir rettferdig verd. Fordi alle fortener fridom til å leve! 

Oskar Fjørtoft Sandanger