Avgjort med knappast mogleg fleirtal:

Ikkje skulenedleggingar i Sande

Høgre og Tverrpolitisk liste lanserte eit nytt framlegg i skulesaka i Sande, og sikra fleirtal med 11 mot 10 stemmer.
New Articles

Vedtaket i kommunestyret går ut på at alle dagens fem skular er sikra vidare drift. Rett nok skal skulane på Kvamsøya og Sandsøya ha felles leiing, og Gjerdsvika mister eit klassetrinn (5. klasse) som vert overført til Gursken skule. Endringane gjeld frå hausten 2019.