Siste: Vegen er no open for fri ferdsel.

Hengaren på ein trailer velta over autovernet og stengte fylkesveg 654 i Tjørvåg onsdag ettermiddag. Politiet fekk melding om ulykka klokka 16:20. Det danna seg raskt lange køer på staden.

Vestlandsnytt sin utsendte kunne raskt konstantere at traileren hadde smadra autovernet, og at hengaren til traileren hadde skader.

- Det var flaks at ingen var på gangfeltet, fortalte eit vitne på staden.

I følgje politiet skal føraren vere uskadd.

Farleg sving

- Trailarar har ein tendens til å gasse på i svingen her. Her har vore fleire nesten ulykker, fortel eit anna vitne på staden.

Omkøyring rundt Gurskøya

Det var i fleire timar omkøyring rundt Gurskøya som følgje av ulykka. Fleire av dei som stod i kø i Tjørvåg valte også å snu.

Ryddinga etter velten var krevjande og vegen var heilt stengt medan den pågjekk. Politiet la klokka 18:10 ut ei melding om at vegen ville vere stengt til klokka 19, men det gjekk ytterlegare ein og ein halv time før vegen til slutt var opna for fri ferdsel.

Uviss årsak

Politiet vil, på noverande tidspunkt, ikkje komentere saka.