Børre Waagan og Tor Kristian Stevik uttrykte begge optimisme over si satsing på applikasjonen Bazeat, då dei var på Vanylskonferansen fredag. I april lanserte dei, med selskapet Creeact AS, ein heilt ny type omsetningskanal for lokale matvarer. Kort forklart er det ein digital matmarknad, app, som skal gjere det lettare for folk å handle lokale matvarer med lokale matvareprodusentar.

Fungerande plattform

Sidan sist gang Vestlandsnytt snakka med dei to gründerane, har selskapet fått på plass ei fungerande programvareløysing som gjer visjonen deira mogleg.

- No er den digitale løysinga på plass. Det vil seie at vi no kan byrje å vekse. Vi har eit mål om å ha 30-40 lokalmatprodusentar som kan tilby matvarer på plattforma før jul, forklarer Stevik og Waagan.

Programmeringa av appen vil halde fram jamt og trutt, men no er den knirkefri nok til at dei snart er klare for ei breiare marknadsføring.

Heimebane fyrst

Dei to seier at dei har landsdekkande ambisjonar, men…

- Det er naturleg å gjere det bra på heimebane fyrst. Vi skal vidare etter kvart, men vi er framleis i ei tidleg fase, forklarer Waagan.

Ny funksjon - Baztour

Nytt i programvareløysinga deira, er ei digital kartløysing i appen, Baztour. Det er ein funksjon som skal knyte lokalmatopplevingar saman med andre reiselivstilbod i området. På konferanse viste Waagan oss korleis ein kunne plotte inn reiseruter i appen og dermed få opp alle lokalmatprodusentane ein ville passere på vegen, samt alle sjåverdigheiter ein burde stoppe for å få med seg.

- Det handlar om tilgjengeleggjering av sjåverdigheiter og matvarer. Vi meiner reiselivsnæringa og lokalmaten må gå hand i hand. Då kan vi skape nokre unike opplevingar, Baztour fasilitetar såleis slike opplevingar og er ei fin arena for samarbeid, forklarar Waagan.