Overleveringa av «Austrått» fann stad 11. oktober, medan «Vestrått» vart levert frå verftet i Leirvik i Sogn torsdag 18. oktober.

Begge ferjene skal trafikkere strekninga Brekstad – Valset i Trøndelag.

- Vi har no hatt M/S «Husavik» i drift i eit halvt år tid. No har vi fått to nye ferjer i oktober, og desse skal setjast i drift ved årsskiftet. Vi er godt nøgde både med ferjene og det gode samarbeidet mellom oss og Havyard Ship Technology.

Det seier Deon Mortensen i ei pressemelding. Han er sikkerheit- og maritim teknisk direktør i Fjord1.

Dagleg leiar ved byggjeverftet i Leirvik, Lasse Stokkeland, seier det slik:

- Vi leverer no ferje nummer to og tre til Fjord1, og har ti ferjer til som skal leverast innan utgangen av 2019. Vår fokus er å levere kvalitet til rett pris og innafor tidsfristen. Så langt ligg vi godt an.

Stokkeland legg til at det først og fremst skjer takka vere innsatsen til dei tilsette at dei er kapable til å levere til avtalt tid, og med slike solide produkt som resultat.

Neste hybridferje ut frå ferjespesialistane i Havyard-konsernet Sogn er HST Bnr 136 med Havyard 936-design. Arbeidet med denne ferja er allereie på oppløpssida i Leirvik. Denne ferja skal inn i sambandet Hareid-Sulesund, og vert levert frå verftet i desember i år.