Før dagens kamp mot Hareid var Bergsøy a poeng med Aafk 2 i  4 divisjon.  Det er desse to laga som no kjempar om ein opprykksplass til 3.-divisjon.

Etter dagens kampar er Bergsøy like mange poeng som Aafk 2 (48), men med mykje dårlegare målskilnad.

(Aalesund 2 vann fredag kveld heile 9-1 heime mot Godøy, og alt tyder difor på at Bergsøy må ende på fleire poeng enn ålesundarane for å rykke opp. Hareid sitt tap gjer også at Larsnes/Gursken meir eller mindre har sikra ny kontrakt i 4.-divisjon. Red. mrk)

Sjokkleiing frå Hareid

I sterk medvind tok bortelaget  leiinga i det 9. minutt etter at Kim Andre Lid Alvestad skora frå kort hald etter eit frispark.

Like etter oppstod ein liknande situasjon på motsett side og Andrius Petreikis sitt frispark sette Frank Sverre Kopperstad Skorpen i mål med eit fint hodestøt frå 6 meters hald.

– Målet var kanskje det enklaste i ei kort karriere. Ei feilvurdering av Hareid sin keeper gjorde at eg fekk sette ballen i ope mål frå kort hald, sa målskorar Skorpen etter kampen.

Ut over i omgangen skapte Bergsøy ein del gode sjansar. Mellom anna hadde Franjo Tepuric fleire  avslutningar både på og tilsides for mål, men Hareid-keeper Sigve Overå Hide stod godt i mål.

Like etter pause avslutta Thomas Hauge Sætre i stanga, og Franjo Tepuric sette returen i mål frå kort hald.  Både Bergsøy og Hareid spelte seg fram til sjansar i 2. omgang, men to gode keeperar hindra fleire mål.

Oppgjeret fredag kveld var ein relativt svak fotballkamp der dei tre poenga gleda heimetilskodarane mest.

– Ein rar kamp der vi stressa mykje på bana og gjorde mange feil, sa matchvinnar Franjo Tepuric etter kampen.

Kampfakta

Bergsøy – Hareid  2-1  (1-1)

Mål:

0-1: Kim Andre Lid Alvestad (9)

1-1: Frank Sverre Kopperstad Skorpen (11)

2-1: Franjo Teouric (47)

Gule kort:  Espen Driveklepp (Bergsøy) og Fredrik Andresen (Hareid)

Tilskodarar:  401

Dommar:  Even Myrheim, (Emblem IL Fotball)

PS: Bergsøy har att Sykkylven (b) og Valder (h). AaFK 2 sine attståande kampar er Hareid (b) og Sykkylven (h).