Onsdag føremiddag fekk vi inn eit tips frå ein lesar, om at ein kval hadde stranda i Goksøyra på Runde. Vi har vore i kontakt med dagleg leiar på Runde miljøsenter, Nils-Roar Hareide, og han kjende ikkje til hendinga. Etter å ha studert bileta, meiner han dette er ein type nebbkval. Meir spesifikt trur han det kan vere ein northern bottlenose whale, som kan dykke ned til 1450 meter og bli opp til 12 meter.

Ein kval av same type, dreiv i land ved Flåvær sommaren 2017. Inne i magesekken blei det funnet kilovis med masse små nebb. Nebba var restar av blekksprutar. Nebbkvalen liker blekksprut veldig godt, men denne kvalen hadde uvanleg mange blekksprutnebb i magesekken. Det blei også funne plastbitar i kvalen, då ikkje like mykje som i gåsenebbkvalen som blei funnet på Sotra i 2017. Den hadde 30 plastposar inne i magen.

Sender bileta vidare

Hareide vil ikkje spekulere rundt kva som har skjedd med denne kvalen. Han har sendt bileta vidare til havforskingsinstituttet. Vestlandsnytt vil følgje saka vidare.